Bok
Den som har rett
Kyrre Andreassen skriv rikt og mektig om det store i det vesle livet.
Kyrre Andreassen debuterte med ei novellesamling i 1997. Han har sidan gitt ut fire romanar og to skodespel og har blant anna vunne Sultprisen.
Ein skulle gjerne, ein gong for alle, få fram den sanne versjonen av den soga ein sjølv er ein del av, men det skjer ikkje, for oppe i den situasjonen der dei rette orda endeleg kan seiast, er det ikkje råd å få sagt noko viktig likevel. Då lyt ein anten gå med uforretta sak eller finna ein instans å venda seg til. Linda Hansen i den nye og storarta romanen til Kyrre Andreassen har funne seg ein slik, og det er lesaren. Det er kan hende ingen ideell instans, men han får vel duga, enn så lenge.
Linda har i over tjue år levd i lag med Svein Sjöberg, son av ein juksesvenske og smart entreprenør. Svein er ikkje like smart, men han er vel i mangt OK, sjølv om det snart skal syna seg at det ikkje er så veldig mykje tak i han. Angst og depresjon, eller noko han gjev slike namn, kan halda han nede, endå om det ikkje er noko som tyder på at han har hatt større ambisjonar i livet enn eit hus med integrert garasje.
Forelsking
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.