Bok

Den store romanen frå Appalachia

Barbara Kingsolver har skrive ein samtidsversjon av David Copperfield.

Publisert Sist oppdatert

Sjølv i verdas rikaste land finst det lommer av armod og elende. I Demon Copperhead skildrar Barbara Kingsolver fattigdom, naud, narkotika og utanforskap i USAs sørstatar – slik Charles Dickens i si tid skildra fattigdom og djup naud i London og områda kring. Og dette gjer ho så meisterleg at ho i mai i år fekk Pulitzerprisen for årets beste amerikanske roman. I sommar fekk ho òg ein av Storbritannias gjævaste litterære priser, The Womens’ Prize for Fiction.

Kingsolver, ein av USAs mest vidgjetne forfattarar, har skrive fleire prislønte romanar, mellom anna The Poisenwood Bible (1998), The Lacuna (2009) og Flight Behavior (2012). Ho har lenge hatt ein ambisjon om å gjere for Virginia det som Mark Twain gjorde for Mississippi: Ho har vilja skrive «den store romanen om Appalachia». Den som skal vise utbyting og omsut, fattigdom og kjærleik, forsømming, kunnskapsløyse og, ikkje minst, den katastrofale opioidkrisa. Smertestillande opiat som OxyContin har øydelagt familiar og lokalsamfunn i Amerikas såkalla rustbelte og ført med seg hundretusenvis av overdosedødsfall.

Kingsolver tenkte seg ei bok med ein slags Huckleberry Finn som hovudperson, men fekk det ikkje til. Ikkje før ho kom til England. Etter ein bokturné tok ho inn på eit lokalt vertshus i Kent, The Bleak House Broadstairs Hotel, nær Dover. Her sette ho seg ned ved det skrivebordet der Charles Dickens hadde sete og skrive David Copperfield. «Eg kjende med eitt raseriet hans», sa ho i eit intervju med avisa The Guardian: «Han sa, ‘la guten fortelje historia’. Eg tenkte: ‘Vel, det skal eg gjere. Takk skal du ha, Mr. Dickens. Eg skal la din gut fortelje ho.’»

Slik blei Damon Copperhead forteljaren i boka.

Kingsolvers roman er ein samtidsversjon av Dickens’ klassikar. Alt som skjer hos Dickens, har ein parallell hos Kingsolver: Ein farlaus gut blir i første kapittel fødd av ei hjelpelaus mor. Han blir døypt Damon Field, men går under namnet Demon Copperhead fordi han er ein villstyring med raudt hår – akkurat som den avlidne faren, som døydde under uklare forhold. Han veks opp i ein bubil i Vest-Virginia. Mora misbrukar piller og sprit. Det er den store, godhjarta familien i bubilen ved sida av (the Peggotts) som tek seg av han.

Dickens’ hovudpersonar er gjenkjennelege: Dickens’ Peggotty er blitt til Mrs. Peggott hos Kingsolver. Betsy Trotwood og onkel Dick er blitt til Betsy og Dick Woodall, Dora er blitt til Dori, Emily til Emmy, Steerforth til Sterling Ford, Micawber til McCobb og så bortetter.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement