Bok

Den talande detaljen

Natalia Ginzburg viser fram kvardagen til menneske ramma av storkrig.

Natalia Ginzburg (1916–1991), fødd i Palermo på Sicilia, oppvaksen i Torino, er ein av dei fremste etterkrigsforfattarane i Italia, skriv forlaget.
Natalia Ginzburg (1916–1991), fødd i Palermo på Sicilia, oppvaksen i Torino, er ein av dei fremste etterkrigsforfattarane i Italia, skriv forlaget.
Publisert

Natalia Ginzburg var aktiv som forfattar midt på 1900-talet, men har fått ein renessanse i Noreg og fleire andre land dei seinaste åra. Familieleksikon og Små dyder kom på norsk for nokre få år sidan til glitrande omtaler, også av denne meldaren. I Alle våre gårsdager kan ein på ny glede seg over den italienske forfattarens særeigne evne til å levandegjere karakterar og scener på forunderleg vis.

Handlinga trer fram for oss nesten utelukkande gjennom referat av ytre hendingar. Det heile blir skildra så neddempa og liksom tilforlateleg at ein til tider nesten ikkje får med seg kor dramatisk det er. Etter kvart skjønar ein kor meisterleg teksten er skrudd saman, og at under alt det kvardagslege ligg det aller mørkaste alvor. Alle våre gårsdager er dessverre òg særs aktuell, i eit Europa der krig slett ikkje er «gårsdagar».

Den absurde krigen

I ein småby i Nord-Italia før og under den andre verdskrigen blir vi kjende med to familiar og ein stor krins av vener og kjenningar. Boka er heldigvis utstyrt med ei liste over dei viktigaste. I sentrum for det heile er ungjenta Anna, men utan at vi får noko særleg større tilgang til akkurat hennar tankar eller kjensler. Ho har to eldre brør og ei eldre syster. Brørne er erklærte antifascistar. Medan dei enno er gutungar, dannar dei ei illegal gruppe som lagar aviser. Mora er for lengst død når handlinga tar til, og snart skal søskenflokken også miste far sin. Som alt det andre tragiske i romanen, blir hendingane skildra heilt utan sentimentalitet.

Av Annas handlingsmønster skjønar ein likevel at det har verka inn på henne å bli foreldrelaus i ung alder. Ho ligg med ein gut, ikkje éin gong, men mange. Snart er ho med barn, knapt seksten år gamal. Den komande faren meiner bestemt at dei to ikkje kan gifte seg, dei er for unge og dessutan ikkje spesielt glade i kvarandre.

Korleis det går vidare med Anna og dei andre personane, får vi høyre om i del to, som flyttar mykje av handlinga til Sør-Italia. Slik gjer Ginzburg ein sveip over ein større del av landet sitt gjennom desse urolege og lagnadstunge åra, og ho skildrar dessutan alle lag av samfunnet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement