Bok

Den uhøyrde hendinga

Novellene til Keegan ser enkle ut på overflata, men like under finst det svimlande djup og uhygge.

Bøkene til Claire Keegan er omsette til fleire enn 30 språk, og ho har fått fleire prisar for novellesamlingane sine. I fjor vart ho årets forfattar, kåra av Literature in Ireland.
Bøkene til Claire Keegan er omsette til fleire enn 30 språk, og ho har fått fleire prisar for novellesamlingane sine. I fjor vart ho årets forfattar, kåra av Literature in Ireland.
Publisert

«Intet mindre enn et mesterverk», står det på baksida av den norske utgåva av denne novellesamlinga. Sitatet, som er frå New York Times, er berre eitt av fleire som skryter bøkene til denne irske forfattaren opp i skyene, og som Aschehoug sjølvsagt har strødd omkring på omslaget av den norske utgåva.

Claire Keegan har vunne ei rekkje prisar, mellom andre Davy Byrnes Award, som skal vere verdas gjævaste pris for novelledikting. Klårt forlaget vil bruke denne åtgaumen for alt han er verd. Men – er orda for store? Det er i alle fall vanskeleg ikkje å ha store forventningar når ein går i gang med å lese.

Maskulin stupiditet

I seneste laget. Historier om kvinner og menn inneheld tre noveller. Som tittelen på samlinga indikerer, handlar alle om relasjonar mellom kvinner og menn, men av ulike slag. Tittelnovella, «I seneste laget», gir oss historia om Cathal og kjærleikslivet hans. Vi møter han først på arbeidsplassen ein sommarvarm fredag ettermiddag.

Alle kollegaene har for lengst kome seg ut av kontoret for å nyte finvêret, medan han dryger tida ut og finn seg nye, litt meiningslause oppgåver på PC-en. Tydelegvis kvir den unge mannen seg for å gå heim. Kva har hendt?

Ein blir straks forviten, sjølv om forteljinga held dramatikken på lågbluss til å byrje med. Vi følgjer Cathal heim til det tomme husværet og får i små og litt større drypp glimt av kva som har skjedd der berre nokre få døger tidlegare.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement