Teater
Den vanskelege takksemda
Takk for gaven er vemodig, varmt og djupt menneskeleg om det som ventar oss alle.
Sissel Ingri Tank-Nielsen, som spelar hovudrolla, takkar av etter 47 år på Den Nationale Scene.
Foto: Magnus Skrede
Vi skal (nesten)
alle bli gamle, og mange av oss kjem til å bli sette bort på ein eller annan
institusjon, der born og barneborn pliktskuldig stikk innom for å besøke oss.
Kva for kjensler utløyser dette, hos den gamle og hos dei som har overlate
omsorg og ansvar til det offentlege?
Dette er noko av
tematikken det nye stykket til Monica Isakstuen grip tak i. Takk for gaven hadde
urpremiere på Den Nationale Scene i Bergen – og får, takk og pris, aldri bli
nok ei sosialrealistisk problematisering av eit velkjent tema. Snarare er det ei tidvis poetisk og djupt menneskeleg utprøving av
evigaktuelle spørsmål.
Avskil i triumf
Monica Isakstuen, regissør Line Paulsen og ensemblet har gjort denne teksten til noko som med åra kan få status som ein norsk klassikar, og som truleg vil få eit langt scenisk liv her i landet, kanskje også utanlands. For Sissel Ingri Tank-Nielsen, som med dette tek farvel etter 47 års teneste på Den Nationale Scene, blir det ein avskil i triumf.
På verknadsfullt vis vekslar framsyninga mellom monologane til den gamle kvinna og tale/samtale/talekor frå dei fire vaksne borna. Den røynde scenografen Olav R. Myrtvedt har skapt eit rom i sjukeheimen, der kvinna er omgitt av grått garn og grå garnnøste – ein grå og velkjend klisjé på den tomme alderdommen. Og han har utstyrt dei fire borna (Kristian Berg Jåtten, Kristi-Helene J. Engeberg, Kristoffer Sagmo Aalberg og Reny M. Gassand Folgerø) med strikkegenserar, sjølve symbolet på omsorga kvinna har synt borna sine.
Framsyninga opnar med ein monolog der kvinna undrar seg over korleis alt kan oppstå av ingenting, men der ho òg er medviten om at dei fire borna hennar heller ikkje ville funnest om det ikkje var for henne. For slik alt byrjar i eit mørker, endar det òg i eit mørker.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.