Bok
«Der peparen gror»
I boka om 1600-talet hentar Atle Næss fram ein bortgøymd skatt i norsk litteratur: Fredrik Bollings reiseskildring av Ostindia – landet med eksotisk pepar, koks og banan.
Ei handelsbu i Batavia, hovudstaden i nederlandsk Ostindia. Mange av dei eksotiske varene vi ser, fortel Fredrik Bolling om i si reiseskildring.
Målarstykke av Aelbert Cuyp (1650–1655): Amsterdam Rijksmuseum
Det glemte århundre. Historier fra 1600-tallet heiter den siste boka til Atle Næss. Tittelen går rett inn på tema og metode for dette verket. Næss viser at 1600-talet – ein del av «400-årsnatta», dansketida, i norsk historie – er betre enn ryktet sitt: Perioden er grunnlaget for det moderne Noreg.
Og termen historier avslører metoden han brukar: Gjennom eit utval livshistorier gjev han eit fargerikt oversyn over «det gløymde hundreåret». Det gjeld særleg kapitlet som lyfter fram ei fascinerande soge om ein nordmann i Ostindia.
Hekser og prestar
Boka er delt inn i fem kapittel, og alle har ein livslagnad i sentrum. Det fyrste handlar om kvinner som vart offer for hekseprosessane. Det er ein fare for oppattaking i eit slikt oversynsverk, men heldigvis vel Næss personar som stort sett har vore gløymde. Hekseprosessane i Finnmark er skrivne om i tallause verk; Næss skriv om fire kvinner frå Rygge som vart dømde til «bål og brann» i 1623.
Neste kapittel handlar om Niels Muus frå Halland i Sverige, den gong dansk provins, som enda som prest i Trøgstad. I denne delen er pestepidemiane på 1600-talet temaet. Vi høyrer om korleis Muus sluttar å føre opp namn på døde av pesten i 1654, men heller berre summerer opp kor mange som døyr. Både Rygge og Trøgstad høyrer til Østfold, der Næss sjølv kjem frå, så vi skjønar interessa hans for desse lagnadene.
Neste mann ut fører oss til Gudbrandsdalen: tyskaren Georg Reichwein som gjorde ein imponerande militær karriere i Noreg, særleg kjend for innsatsen under Hannibalsfeiden (1643–1645), og som til slutt vart adla. Dette kapitlet skildrar såleis 1600-talet som hundreåret med store krigar. Men vi høyrer like mykje om krigsherren Karl 10. Gustav som Reichwein, og det er eit særdrag ved Næss’ bok: Han tillèt seg mange sidespor i forteljinga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.