Film
Det andre blikket
Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.
Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.
Foto: Filmweb.no
Før andre verdskrigen levde Lee Miller (Winslet) det glade liv som modell i Frankrike, ifølge Lee med talent for drikke, sex og foto. Då krigen tok til, melde ho seg til teneste for Vogue i London. Ikkje framom kamera, men bak.
Linsa
Til liks med mange historiske filmar brukar Lee tilbakeblikk. Lee blir intervjua av ein kar (O’Connor) i 1977. Scenene frå krigen dominerer. Reisa til Lee er lang, frå det frilynte kunstnarmiljøet til gassomnane i Birkenau. Drivet hennar blir å fanga røynda og lata folk sjå det grufulle. Stive, konservative Storbritannia og sensurstyre gjer det ikkje lett.
Filmskapar Ellen Kuras trekker fram utfordringane Lee møter nettopp fordi ho er kvinne, og korleis ho ser alle måtane kvinner blir ramma på i krig. Som her heime, med «tyskarjenter», er kjærleik for kvinner verre enn økonomisk vinning for menn. Seksuell vald i sigersrusen er standard. Om dette er eit heltedrama, er det slett ikkje blindt for skuggesidene til dei allierte vinnarane.
Når Lee ikkje får tilgang til dei same stadane som dei mannlege kollegaane får tilgang til, må ho sjå andre ting. Blikket hennar blir ekstra verdifullt. I ei scene går ho inn i eit rom av skremde kvinner og slepper laus håret for å få tillit. Det skil seg klart frå ei scene der ho skjuler håret for å snike seg inn i eit telt fullt av menn der ho nett blei nekta tilgang. Kuras viser at det er ein føremon å ha kvinner i dette yrket.
Forma
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.