Bok
«Det er behov for meir vaken debatt»
Ei grundig skildring av bergensk byutvikling som trekker linene fram til vår tids arkitekturdebatt.
Nordnesgaten 25 og 27. Begge husa er toroms og bygde kort tid etter brannen i 1756.
Foto: Gustav Brosing
Eit av dei interessante tilboda for oss austfrå denne bokhausten var den solide dokumentasjonen av Gjert Vestrheim, Bergensarkitekturen 1660–1850, der han dreg lange liner utover mot ein europeisk bygningsarv og innover til ein tidsaktuell norsk husdebatt.
Kan forteljingar om den bergenske arkitekturen, om korleis hus vart bygde før i tida, ha nokon praktisk verdi for den rasjonelle, økonomipressa og klimaengstelege bygginga i vår tid? Kan ein dokumentasjon av hustypar og lokalhistorie i ein nokså stor by, som knyter trådar til greske og romerske søyleordenar og klassiske fasadeproporsjonar, gje innspel som ein aktuell samfunnsdebatt om samtidshusbygginga kan dra nytte av?
No blir hus og estetikk, stygt og fint, by mot land, kontrast mot kopiering diskutert som aldri før. Funksjonell rasjonalitet blir ikkje lenger akseptert av folk flest som ei tilstrekkeleg grunngjeving for at nye bygningar må sjå ut som dei gjer. Somme arkitekturopprørarar vil heller ha noko meir attkjenneleg og triveleg, kopiering og gjenbruk av gamle bygningsformer og velkjende ornament, enn noko utfordrande, nokre skeive og rare åtak på sansane våre. Kvifor ikkje gjenta noko vi er vane med, seier dei. Gje oss hus slik dei brukte å sjå ut.
Tolkar samtida
Men Arkitekturopprørets uvilje mot ein moderne arkitektur kan ofte bli for enkel og fordummande dersom løysinga skal vere å kopiere gamledagar, sjølv med vår tids tekniske og materialistiske føresetnader.
Motargumentet kan vere: Hus må setjast inn i ein samanheng. Det har aldri før vore oppgåva til arkitekturen berre å kopiere og etterlikne. Arkitekturen må heller tolke bygningsbehovet i tida i samsvar med den skikken og kulturen som rår på staden, i samtida. Arkitektur blir truverdig som kulturuttrykk når han tek omsyn til den målestokken, den byggjeskikken, materialbruken og fargepaletten som gjev staden eigenart og attkjenning. Om ein ny arkitektur kan gjere dette med ei original tolking og eit formtilskot, er det bra. Då kan vi kanskje sleppe dette traudige maset om å byggje kopiar av det gamle.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.