Bok
Det er den draumen
Trude Marsteins nyaste roman er ei påminning om krafta i litteraturen.
Forfattar og omsetjar Trude Marstein har fått fleire prisar for forfattarskapen sin.
Foto: Rolf M. Aagaard / Gyldendal
Dei sterkaste romanane er dei som evnar å gjere det private allment. Vi kjem tett på Monika, romanfiguren i Så mye hadde jeg. Trude Marstein skriv ærleg, vondt og morosamt heilt ned til dei minste tinga. Det er så gjenkjenneleg at det blir som å vere til stades med Monika med familie, menn og venar.
Gjennom livet
Monika fortel frå 1973 og heilt fram til i år når ho er 57. Slik blir det ein roman om nesten eit heilt liv, på same solide, fyldige måte som den danske kollegaen hennar, Kirsten Thorup, med Erindring om kjærligheten.
Boka handlar primært om menn og om familie. Og om lengslar knytte til dette, medrekna det å få barn. Arbeid og sjølvrealisering, anna enn ved hjelp av relasjonar, er altså ikkje det viktige i livet til Monika. Relasjonane blir nøye analyserte, både til dei gode venene, den irriterande normale familien og alle dei ulike mennene.
Jakta på ei vending
Med konstant rastløyse spring Monika frå forhold til forhold. «Jeg har hatt ideer om at livet som ordentlig voksen ville ha en større ro, en avklarthet», fortel ho. Etter kvart finn ho nok ut at ein gjerne ikkje forandrar seg så mykje. Med ein gong noko er gale i forholda, eller ho manglar motstand, pakkar ho sakene sine og drar. Men det er ikkje fordi Monika ber på ein draum om noko vedunderleg, men fordi ei endring i seg sjølv er positivt: for henne er det alltid ei trøyst i at livet kan ta ei vending, uansett om det er til det betre eller til det verre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.