Kunst
Det ligg i fingrane
Utstillinga viser ni kunsthandverkarar frå Innlandet, som alle har merkt seg utover landegrensene.
Midt i galleriet buktar dei keramiske figurane til Torbjørn Kvasbø seg oppover med ei røff utforming som skil seg ut frå dei andre verka i utstillinga.
Alle foto: Frank Furseth
I fjor haust vart utstillinga «Håndlagde historier» vist i Masovian Museum i Plock i Polen, der ho fekk stor merksemd. No er utstillinga sett opp i Galleri Ullinsvin. Galleriet ligg vakkert til med utsyn over Vågå sentrum. For å kome hit går vi over tunet til ein vakker, gamal prestegard med tretten lafta bygningar. Sjølve galleriet skil seg ut som eit moderne tilskot. Vi går inn gjennom ei vid dør, og inn i eit stort og avlangt visingsrom. Rommet er fylt av store keramiske installasjonar, tekstilar, smykke og glaskunst, til saman 48 arbeid.
Handlaga historier
Den første tanken som fell inn i hovudet mitt i møte med «Håndlagde historier», er omgrepet taus kunnskap. Dette har eigentleg blitt eit moteord, eit ord eg nok ikkje er særleg begeistra for, men eg finn ikkje noko anna omgrep for å skildre den kroppslege kunnskapen, dette som ikkje heilt kan formidlast gjennom ord. Denne kompetansen meistrar ein gjennom handling og må øvast opp og utforskast i fysiske handlingar. Han må erfarast, følast og anast. Det er slik når to kokkar nyttar nøyaktig same råvarene og følgjer same oppskrift, og resultatet vert himmelvidt forskjellig.
Dei ni kunstnarane som er presenterte i denne utstillinga, viser på kvar sine måtar ein djup og intim kunnskap innanfor sine felt. Bak kvart av dei ferdigstilte verka ligg mange komplekse prosessar. Men kor mykje av kvalitetane ved verka får vi som publikum eigentleg med oss? For også det å sjå og verkeleg verdsetje desse verka krev noko av den kroppslege kunnskapen. Derfor er det vel verdt innsatsen å setje seg litt inn i måten verka vert til på. At ein som publikum veit noko om korleis ein blæs glasvasar, kvar utfordringane ligg, vil gjere sjølve opplevinga av glaskunst mykje rikare.
Brusande former
Berre sjå på glasvasane til Vidar Koksvik. Dei er enkle i forma, men frodige i mønstringa. Den heftige linjeføringa dannar virvlar og kast som minner om sjøsprøyt og opprørt hav, det er som om han har kapsla stormar inn i glasbehaldarane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.