Bok

Det som ikkje går over

Pia Edvardsen skriv lågmælt, men akutt om forbodne kjensler i romanen En velskapt pike.

Pia Edvardsen har ein master i nordisk litteratur og debuterte som forfattar i 2017. I år kom roman nummer to.
Pia Edvardsen har ein master i nordisk litteratur og debuterte som forfattar i 2017. I år kom roman nummer to.
Publisert

Om eit par veker vaiar Pride-flagga i små bygder og store byar over heile landet vårt. Det finst opne homofile i alle bransjar, mange høgt profilerte. I tillegg har media dei seinaste åra hatt meir fokus på problema menneske av transkjønn møter, enn på det som framleis gjer det komplisert å vere homofil.

Alt dette har kanskje gjort at det er blitt ei oppfatning blant heterofile at det no er uproblematisk å vedkjenne, for seg sjølv og for omverda, ei homofil legning. Pia Edvardsen fortel oss tydeleg at dette ikkje er tilfellet. Framleis er det heterofile livet norma. Barna våre veks inn i rollemodellane til det tradisjonelle kjønnsrollemønsteret og får myriadar av små og store forventningar planta i hovudet.

Homofile er sjølvsagt akkurat like forskjellige som alle andre menneske. Nokre er ekstroverte av natur og går tidleg ut og proklamerer at dei er annleis. Meir introverte skyr alt søkjelys på eigen person. Dei rømmer frå den merksemda som det «å kome ut av skapet» framleis vekkjer, også i moderne og liberale miljø.

Frykt og skam

Pia i En velskapt pike er av den typen som ikkje vil skilje seg ut. Ikkje for alt i verda vil ho stå ope fram, ikkje for «sitt bare liv» – noko som her blir heilt konkret og ikkje ein metafor. Ho veks opp i ein vanleg familie med kjærlege foreldre på 1980- og 1990-talet. Ytre sett burde det ikkje vere noko som skulle hindre henne i å bli omfamna av nærmiljøet.

Men ho er det einaste barnet og kjenner litt ekstra på forventingar og kor vanskeleg det ville vere å bryte med desse. I skuleåra blir ein tydeleg homofil gut i klassa hetsa på det grovaste år etter år. Pia er sjølv med på det, for å skjule korleis ho eigentleg har det. I den same enkle, men presise stilen som pregar heile boka, står det: «Jeg fikk ikke til å være jente, uten at jeg forsto hvorfor, jeg forsto bare at jeg var usammenhengende.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement