Det som ikkje passar seg

Anna Bache-Wiig skildrar kvinneliv i etterkrigstiåra presist og levande.

Anna Bache-Wig er utdanna skodespelar og debuterte som forfattar med ein roman i 2003.
Anna Bache-Wig er utdanna skodespelar og debuterte som forfattar med ein roman i 2003.
Publisert

For oss som har foreldre som vart fødde i åra opp mot den andre verdskrigen, er det mykje å kjenne att og fryde seg over i den nye romanen til Anna Bache-Wiig. Boka kan lesast som ei innstendig påminning om kor mykje som i løpet av berre éin til to generasjonar endra seg enormt til det betre for halvparten av menneskeslekta.

Hardt tilkjempa strukturelle rettar, rett og slett eit kulturelt og politisk paradigmeskifte, som no står under press i mange land i den vestlege verda. Av den grunn kjennest romanen viktig nok.

Til våren er ei brei og realistisk skildring av tre generasjonar kvinner. Bache-Wiig er særs dyktig på tidsriktige detaljar i alt frå klesmote til interiør. Også forsiktig innslag av dialekt bidreg til ei levande og rik skildring.

Me skal til ein av stadene i Noreg som er vende mot det vidopne havet. Innbyggarane held seg like fullt i det tronge, med skrivne bibelord og uskrivne reglar for takt og tone. I sentrum for handlinga står Ingrid Abrahamsen, 20 år i 1945. Ho er hovudperson og katalysator for forandringane som blæs innover kysten i tiåra etter krigen. Dei dundrar like hardt mot tradisjonane som dønningane slår mot Lista fyr, men møter like sterke motkrefter i bygdedyr og jantelov.

Fred og nye sjansar

I fredsvåren kjennest det for Ingrid som om livet byrjar på nytt og alle moglege vegar ligg vidopne. Ho har vore flink på skulen. Krigen førte likevel til at retninga som peika mot realskule og kanskje til og med artium, blei broten. No er ho forlova med Frimann, ein ung og forelska entreprenør.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement