Bok

Det trugande utanforskapet

På sitt beste er Vår ære og vår frykt historia om ei integrering på retur og ei kraftig åtvaring om kva som kan skje som følgje av det.

Abid Raja er advokat og Venstre- politikar.
Abid Raja er advokat og Venstre- politikar.
Publisert

Abid Rajas siste bok handlar mykje om forfattaren sjølv. For mykje, vil enkelte meine. Samstundes er det naturleg at ein som er barn av fyrstegenerasjonsinnvandrarar brukar seg sjølv i ei bok som handlar om integrering, eller mangel på nettopp dette.

Raja har sjølv vore gjennom ei reise frå å vere sint ung mann til å bli ein velintegrert andregenerasjonsinnvandrar hylla av mange. Og boka er på sitt beste der ho skildrar veksande homohat og kvinneundertrykkjande haldningar blant unge i oslobydelar dominerte av innvandrarslekter.

På eit vis er denne boka eit framhald av den førre boka hans, Min skyld, som handla om ein oppvekst med oppdragarvald og æreskultur, og ein ung mann som hamna hos barnevernet. Forfattaren kunne enda som alt anna enn advokat, politikar, stortingsrepresentant og seinare statsråd. Raja blei mot alle odds ein suksess og eit førebilete for minoritetsungdom.

Raja braut med familien etter at boka Min skyld kom ut. Han snakka ikkje med far sin før nyleg.

Klanens hygge

Den siste boka tar til med at han er tilbake i storfamilien under eit besøk i Pakistan. Det er ei rørande skildring av situasjonen der faren ber om orsaking for at han slo han som barn og forlét han åleine på sjukehus som liten. Det er banebrytande for ein far oppdradd i ein patriarkalsk kultur, meiner Raja.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement