Film

Det var ein gong ein teikneserie

Den eventyrlege suksessen til superheltane starta med penn og papir.

Filmskapar og musikar James Gunn er intervjua i dokumentarfilmen.
Filmskapar og musikar James Gunn er intervjua i dokumentarfilmen.
Publisert

På trettitalet starta det opp to teikneserieselskap som i praksis skulle ta over Hollywood nokre tiår seinare: DC Comics og Marvel. Dette er historia/reklamefilmen om den eine av dei.

Lynvinge og sandmann

I utgangspunktet er eg verken ein stor teikneserie- eller superheltfilm-fan. Det siste har eg likevel sett ein rimeleg stor dose av, særleg fordi filmbransjen har spydd ut så mange filmar i denne sjangeren dei siste åra at som kinogjengar og filmmeldar skal det halda hardt å unngå dei. Dessutan vaks eg opp med Supermann (1978), som gjekk relativt fast på nyttårsaftan gjennom åttiåra, så det å leika at ein hadde superkrefter og kunne flyga, var obligatorisk.

Elles har eg lese meir Fantonald enn Fantomet, så den seriøse teikneseriedelen har eg verkeleg ikkje mykje kjennskap til, inkludert klassikaren Sandman av Neil Gaiman, som ein eigentleg måtte lesa på nittitalet om ein hadde lyst til å framstå som nokolunde hipp og kul. Eg hugsar derimot at Batman ein gong heitte Lynvingen på norsk, noko han gjorde fram til 1987. Frå då av er verda amerikansk, og alle multiversa med.

Konkurransen

Superpowered er best i fyrste del av denne miniserien på tre episodar. Her får ein oppstartsforteljinga og forklaringar på korleis dei ulike karakterane oppstod. At superheltane stammar frå USA, er i grunnen ikkje rart, sidan den fyrste helten, Supermann, oppstod i 1938, og på mange måtar er ei immigranthistorie.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement