Musikk
Det vondes problem
Jordskjelvet i Lisboa skaka åndslivet i heile Europa, og avla god musikk.
Jordskjelvet i Lisboa 1. november 1755 avbilda på eit kolorert stålstikk frå 1800-talet.
Om føremiddagen allehelgensdag 1755 råka ein av dei største naturkatastrofane som verdsdelen vår har sett, Lisboa. Eit kring fem minuttar langt jordskjelv med styrke 8,7 på Richters skala øydela den portugisiske hovudstaden mest fullstendig. I fyrste omgang førte det til bygningskollapsar og brannar. Folk flykta ned til hamna, der dei såg korleis havet trekte seg attende og den tørrlagde hamnebotnen gjorde gamle skipsvrak synberre.
40 minuttar seinare slo så ei veldig bølgje inn over byen. Bølgja sløkte rett nok brorparten av brannane, men reiv med seg den bygningsmassen som framleis stod. Nærare hundre tusen menneske døydde i dette skjelvet, som også var merkbart i Noreg. Bølgjene blei registrerte så langt unna som på Barbados i Karibia, noko som gjer det til den einaste kjende tsunamien som valda skadar på begge sider av Atlanteren.
85 prosent av Lisboa blei fullstendig rasert – dei kongelege palassa og biblioteka, det nyreiste operahuset og mest alle kyrkjene. Igreja do Carmo står framleis som kyrkjeruin i gamlebyen (sjå biletet under). Horestrøket i hovudstaden, Alfama, kom derimot rimeleg uskadd frå det heile.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.