Bok
Detaljrikt, men tomt
Forgløymeleg bok om ei ung kvinnes verste mareritt.
Debutromanen til Carolina Setterwall er alt seld til 25 land.
Foto: Linnéa Jonasson Bernholm
For eitt år sidan mista eg ein barndomsven. Han berre døydde mens han sov. Uansett kor uuthaldeleg skremmande og uverkeleg det er, så hender slikt av og til.
Det same skjer med sambuaren til Carolina Setterwall, Aksel. Ho finn han død i senga ein haustmorgon i 2014, hjartet hans har stoppa i søvne, og Setterwall blir etterlaten åleine med sonen Ivan, som er spedbarn på det tidspunktet. Dette er utgangspunktet for debutromanen hennar, som har gjort stor suksess i heimlandet Sverige og er selt til 25 land.
I dagane etter at eg fekk beskjed om at venen min var gått bort, kjende eg eit trykk, ein trong til å skrive ut absolutt alt, eg ville ikkje gløyme noko. Alle detaljar vart med, heilt ned til klokkeslettet eg avtala å treffe veninnene mine utanfor kyrkja for å gå i gravferda.
Dette har stor verdi for meg, det er godt for meg nærast å kunne gå tilbake i tid og lese dette. Men for andre, og særleg dei som ikkje kjende venen min, vil det truleg ikkje vere noko nyttig eller på annan måte interessant å lese kva vi åt i minnestunda, iallfall ikkje berre rett fram som ein faktaopplysing.
Journalistspråk
Det er dette som er mi store innvending mot La oss håpe på det beste. Vi får vite alt frå dei to første åra etter at Aksel går bort, og noko blir til og med gjentatt. Romanen fyller drygt fire hundre tettskrivne sider, og mykje av det er slikt som opplysningar om korleis venane hennar hjelper til eller om ho har dusja den dagen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.