Dette er også livet

Inger Bråtveits fjerde roman ber preg av å vere skriven av ein tvingande grunn.

Inger Bråtveit debuterte i 2002 og har motteke fleire litterære prisar.
Inger Bråtveit debuterte i 2002 og har motteke fleire litterære prisar.
Publisert

Første boka til Inger Bråtveit, Munn mot ein frosen fjord, fann eg i ei tilbodskorg i ein bokhandel på kjøpesenteret Moa heime i Ålesund for ti–tolv år sidan. Dersom eg ikkje hadde kjøpt boka, hadde eg truleg ikkje enda opp med å lese alle romanane til Bråtveit, slik som eg har no. Og det er dette eg etter mykje om og men har enda opp med å meine at Dette er også vatn handlar om: alt det tilfeldige, kor lite som skal til for at noko går den eine eller andre vegen, som ei bølgje, og for så vidt heile livet, kor skjørt det er.

Noko anna

Det hender at eg blir litt irritert mens eg les. Eg er ikkje udelt begeistra over Dette er også vatn og stussar stundom over at dei kallar boka roman. Eg er vand med Bråtveits stramme prosjekt, slik som i Siss og Unn og Alice A4, der det er tydelege romanunivers samtidig som det er mykje leik. Denne boka er noko heilt anna, ein hybrid. Vi får draumeaktige, poetiske avsnitt frå symjeturar der forfattaren stadig opplever å tenke så klart og smart at ho skulle hatt med diktafon ut i vatnet for å få notert alt. Slike delar er det òg om barndommen, med fine minne frå ein gard i ein dal på Vestlandet, som eit familiealbum. Og så handlar det om kvardagen og skrivinga: Der er eit eg som skriv og eit eg som må gjere alt det andre: å vere mor og vere gift med ein som er blitt ufør av borreliose etter flåttbit, og som no sit under eit skråtak heile dagen.

Vi får òg lengre, essayistiske parti som handlar om andre sine bøker. Dette er også vatn inneheld gode litteraturtips, og eg noterer fleire. No gler eg meg mellom anna til å lese Jeanette Wintersons Hvorfor være lykkelig når du kan være normal? I tillegg lærer eg nye måtar å lese bøker eg kjenner frå før, slik som Tove Janssons Sommerboken. Og så får vi mykje historie og stoff frå nyhende, ein del av det frå Russland.

Litt rotete

Teksten spriker altså i mange retningar. For meg blir det så mykje at eg må kalle han litt rotete. Det tar lang tid før eg får grep om kva boka handlar om, men slik er jo livet òg iblant, litt grumsete og uoversiktleg. Eg held meg likevel godt flytande over teksten, han er både interessant og klok og reint spennande å lese. Særleg delane med refleksjonar kring andre bøker av andre forfattarar gjer meg nysgjerrig på kva som står vidare.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement