Musikk

Diverterande

Engegårdkvartetten syner Mozarts kvartettkunst mellom passiar og pasjon.

Engegårdkvartetten blei stifta i Lofoten i 2005.
Engegårdkvartetten blei stifta i Lofoten i 2005.
Publisert Sist oppdatert

Det tok tid før strykekvartetten kring 1800 hadde utvikla seg til den mest tungtvegande forma for kammermusikk. «Ein høyrer fire fornuftige menneske i samtale og meiner å kunna læra noko av drøftinga deia» – slik læt Goethes poetiske karakteristikk av denne komposisjonsmåten, der idealet var at alle dei fire stemmene skal koma nokolunde like ofte til orde med sjølvstendige melodiar.

Men lyttar me til dei tidlegaste strykekvartettane, som blei utvikla i Italia, gjev musikken mindre inntrykk av akademisk drøfting enn av ein skjemtande passiar mellom musikarar. Divertimenti blei slike kvartettar kalla på italiensk, og det tyder «underhaldning» eller «tidtrøyte».

Tenåringsverk

På Engegårdkvartettens nyaste album får me tre slike italienske divertimento som tenåringen Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791) skreiv som konsertmeister ved hoffet til fyrstebiskopen av Salzburg i 1770-åra. Desse relativt stutte verka med tre satsar er også kjende som «Salzburg-symfoniane», truleg av di dei no oftast blir framførte og spelte inn med strykeorkester.

Den enkle besetninga – to fiolinar, éin bratsj og éin cello – gjev musikarane høve til høge tempo og presis og individuell artikulasjon, noko Engegårdkvartetten utnyttar godt. For meg er denne musikken – Divertimento i D-dur, KV 136, kan tena som døme – det ypparste uttrykket for det førrevolusjonære Europas aristokratiske sorgløyse på 1700-talet.

Fyrstesatsen «Allegro» (spor 1) presenterer ein fontene av frydefulle melodiar i fiolinane, akkompagnement med enkle, pulserande tonar i bratsjen og celloen. Det er fin driv over framføringa, med presise overgangar og gjennomgåande god intonasjon. Det einaste som forstyrrar, er fyrstefiolinens passasjar med nedgåande skalaar, som blir artikulerte med for kvass stakkato. Det er som om bogen her ikkje får skikkeleg tak på strengene, noko som gjer tonen hås og substanslaus.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement