Film
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Takumi (Omika) hogger ved, hentar vatn frå bekken og hugsar alltid litt seint å hente den åtte år gamle dottera Hana (Nishikawa) på skulen. Slik går dagane i ei bygd i Nagano-området nokre timar frå Tokyo. Det vetle samfunnet heng godt i hop, og dei hjelper kvarandre.
Men eit utviklingsprosjekt skapar uro. Nokre byfolk frå Tokyo planlegg å opne for luksuscamping oppi dalen, såkalla glamping. To representantar frå eit talentbyrå stiller på eit folkemøte på vegner av selskapet. Stemninga er spent. Turisme i hjortestien med for liten septiktank oppstraums og lite kontroll på storbyfolk med hang til bål og fest er ikkje den draumen bygdefolket ber på.
Framdrift
Ryusuke Hamaguchi er i sanning ein produktiv filmskapar. Sjølv om han alt hadde vore nominert til Gullpalmen i Cannes med Asako I & II i 2018, tok han verkeleg verda med storm i 2021, ikkje med éin prisvinnande film, men to. Fyrst vann Wheel of Fortune and Fantasy jurypris på Berlinalen, før Drive My Car vann tre prisar i Cannes og Oscar for beste framandspråklege film. Båe er verkeleg gode. Det same gjeld Hjortestien.
Filmen opnar sakte, vakkert, med få ord og stort auge for detaljar. Frampeik no og då skapar uro. Eit og anna skot frå hjortejakta i åsane, eit gamalt skjelett av ein skadeskoten hjort. Det rike musikalske lydsporet tyder slett ikkje alltid på idyll.
Tonelaget
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.