Musikk
Djupdykk i 70-talsjazzen
Fender Rhodes-spelet til Erlend Slettevoll er ei rein nyting.
Audun Ellingsen (bass) har komponert åtte låtar til albumet.
Foto: Isak Uyar Orestad & Noah Gylver / Kolonihaven
I 1970, då eg for alvor, eller skal eg seia monomant, byrja å lytta på jazz, skulle alle orkesterleiarar ha pianisten sin til å spela Fender Rhodes, i alle fall på delar av repertoaret. Eg oppdaga fort at nokon fekk dette instrumentet til å låta skikkeleg, dei fleste ikkje. Heldigvis er Erlend Slettevoll ein av mange norske pianistar som veit å utnytta dei spesielle kvalitetane i dette instrumentet.
Eit av fleire pluss med denne innspelinga er Fender Rhodes-spelet til Slettevoll, men det stoppar ikkje der. Ellingsen har komponert åtte låtar, seks av dei fungerer også fint som utgangspunkt for improvisasjon. Dei korte «Nostradamus» og «Somnius» er som mellomspel å rekna.
Det går an å hevda at musikken på Uflaks er tilbakeskodande, men eg ser på dette som moderne mainstream som hentar inspirasjon frå både 1960- og 70-talet, og som er både frisk og kreativ. Ikkje berre Slettevoll gjer sakene sine bra. Jørgen Mathisen har lange og mangslungne, men likevel så ulike kor på tittellåten «Uflaks», på «Brutus» og «Nocturnus», men sistnemnde låt blir skjemd av ei unaudsynleg lang avslutning.
Torstein Lavik Larsen markerer seg fint på opningskuttet «Triumphus», på «Mingus» og kollektivt med Mathisen på avslutninga «Circus». Spesielt på opningssporet er Larsen i sitt ess. Her kjem også inspirasjonen frå Don Cherry fram. Med den fengande introen til Ellingsen og ditto tema er «Triumphus» sjølve rosina i pølsa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.