Teater
Djupdykk i fornedringa
Vitnesbyrd frå Auschwitz-terroren vert lågmælt, ladd monodrama.
Øystein Røger står åleine på scena i framsyninga basert på boka til Primo Levi.
Foto: Erika Hebbert
Jødeforfølgingane og utryddingane under krigen er handsama i litteratur, dokumentarfilm, spelefilm og teater i alle åra etter. Sjølv om vi etter kvart veit mykje om kva som hende, er det som det opnar seg nye luker av informasjon dess lengre tid det går. Det finst enno levande tidsvitne, nye historier som krev å bli høyrde.
Det vi kan hende sjeldnast får høyre, er reelle rapportar frå dei få som overlevde. Ein slik rapport ligg føre i boka til den italiensk-jødiske forfattaren Primo Levi (1919–1987), Hvis dette er et menneske.
På Torshovteatret spelar no Øystein Røger ei einmannsframsyning bygd på denne boka, i ei visuelt nøktern, men forbløffande effektiv sceneløysing. Han er kledd i uprangande kvardagshabitt og speler på ein treplatting med to «kjellarluker» og eit lite levande lys ved sida av seg. Lyseffektane er i det heile nærast magisk nytta som stemnings- og handlingsskifte i framsyninga, og generelt kan vi kjenne dei som magre strålar av trassig von i eit forferdeleg elende.
I Røgers djupt alvorlege og usentimentale framstilling av teksten, med eit imponerande variert kroppsspråk på ei smal sceneflate, ser vi rett inn i krigsvitnet sine først uforståande reaksjonar på valden og fornedringa han vert utsett for, og etter kvart den desperate overlevingstrongen som fortrengjer samhaldskjensla og omsuta for andre.
Teksten har eigentleg ikkje nokon openberr dramatisk effekt. Han er ettertenksam, introvert – og fortel lite om mellommenneskeleg kontakt. Alt som vert fortalt, er i retrospektiv, og her er ingen direkte emosjonelle utbrot eller tradisjonelle «skodespel»-replikkar. Likevel blir Øystein Røger straks til Primo Levi for oss.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.