Film

Don Quijote med nål i armen

Telemarketers viser baksida på medaljen ingen skulle ha utdelt.

Ein dokumentarserie om telefonseljarar kjem straks på HBO.
Ein dokumentarserie om telefonseljarar kjem straks på HBO.
Publisert

Kven sit eigentleg i enden av telefonen og sel deg ymse velgjerande formål? Eg vil bli svært overraska om det vanlegvis er så vanvittig som i denne dokumentarserien om telefonseljarar i USA og opplegget bak.

Lopper for luseløn

Eg er svak for dokumentarseriar som tek eit kraftig oppgjer med maktstrukturar og skurkar som slepp gjennom sprekkene i rettssystemet. Som oftast er desse glatte, påkosta seriar med proffe journalistar som intervjuar endå meir proffe fagfolk, og eg elskar det, misforstå meg rett.

Det fyrste som dukkar opp i Telemarketers er det trøytte fjeset til regissør Sam Lipman-Stern, som snur seg i senga og ser rett inn i kameraet, årstalet 2010 kjem opp på skjermen, og Sam seier: «I wanna make a documentary about CDG». Civic Development Group høyrest så fint ut. Det var der Sam arbeidde frå han var ein trøblete tenåring som fekk beskjed av foreldra om å få seg ein jobb, som hadde med seg kameraet sitt på slep og som filma det som nesten ikkje går an å tru er lovleg på nokon som helst arbeidsplass.

Det er galskap. Folk er drita fulle eller høge på stoff, sjefane er like ille som dei tilsette, og dei tilsette er gjerne tidlegare straffedømte, sosialklientar og skuletrøytte ungdomar. Og kva driv dei med på desse ruskete kontora, i dette tilfellet i New Jersey? Dei loppar folk for pengar, sjølvsagt.

Helteaktig

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement