Kunst

Drift

Erlend Leirdal: «Drift», installasjon 2009.
Erlend Leirdal: «Drift», installasjon 2009.
Publisert

Den svære installasjonen «Drift» frå 2009 tek opp store delar av myldrearealet til Sentrum vidaregåande skule i Kongsvinger. Verket er laga for hand av svære og grove eikebjelkar. Faktisk er stokkane henta frå den danske byen Ribe. Her var bjelkane del av ein stor sluseport som vart bygd på tidleg 1900-tal.

Konstruksjonen danna bolverk mot kreftene frå Nordsjøen i nærare hundre år. Hundre år seinare forvitra jernbeslaga. Då dei drog bjelkane opp, var dei knapt merkte av slitasje. Den norske kunstnaren Erlend Leirdal vart fascinert over den gode kvaliteten, og bestemte seg for å bruke bjelkane i dette utsmykkingsprosjektet i Kongsvinger.

Her hogde kunstnaren stokkane til og monterte dei saman til ei diger, røff og botnsolid form, eit kunstverk som elevane kan sitje på. Elevane kan boltre seg fritt utan å vere redde for å øydelegge noko. Leirdal har sjølv forklart at han komponerte installasjonen slik at det skulle sjå ut som om tømmerstokkane var lagde her av elva. For Glomma renn like nedanfor skulen, rik på tradisjonar for tømmerfløyting.

I tømmerstokkane er små, dekorerte messingplater monterte inn. Den såkalla trambuleringsteknikken som er nytta til å lage desse graveringane, er inspirert av metallarbeidet til reisande folk. Til dette nyttar ein eit breitt gravørjarn, som vert vrikka over konturlinjene. Her er det rissa inn teikningar av blomar og urter, gamle og velkjende urter som har vore nytta som legeplanter gjennom hundreåra. Alle veks langs landevegane, så å seie eit livgjevande apotek i grøftekanten – men berre for den som har tileigna seg kunnskapen om verknaden til plantene. Såleis eggar teikningane nyfikna vår i mange retningar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement