Musikk

Dryge dobbeltgrep

I hendene til Faust får Brahms’ fiolinkonsert tyngd og truverd.

Den tyske fiolinisten Isabelle Faust med ein Stradivarius-fiolin frå 1702.
Den tyske fiolinisten Isabelle Faust med ein Stradivarius-fiolin frå 1702.
Publisert Sist oppdatert

Isabelle Faust er eit fiolinistisk fenomen. Under årets Bachfest i Leipzig høyrde eg henne spela barokkmusikk, noko ho gjorde suverent. Men Faust har like godt grep om det romantiske repertoaret, som ho tolkar intelligent og teknisk lytelaust. Alt spelar ho forresten på ein ekte Stradivarius-fiolin: den såkalla «Sovande venleiken», eller «Tornerose-stradivariusen», som tyskarane kallar han.

Denne fiolinen er spesiell av di han framleis har sin originale hals frå 1702. Dei fleste slike barokkfiolinar blei på 1800-talet bygde om, med lengre og meir vinkla hals, noko som gjev større strengetrykk og skarpare, meir berande klang – for å kunna hevda seg betre mot symfoniorkesteret i dei store, romantiske fiolinkonsertane.

Demokratisk

Ungarsk-tyske Joseph Joachim (1831–1907), som var ein av dei viktigaste fiolinistane på 1800-talet, rekna året før han døydde opp «dei fire store» konsertane for sitt instrument: av Beethoven, Mendelssohn, Bruch og Brahms. Den siste av desse er det Faust spelar på albumet sitt frå 2011, med engelskmannen Daniel Harding og Mahler Chamber Orchestra. Musikarkombinasjonen er eineståande, for det er noko ungdommeleg friskt over musiseringa, med ei underleg demokratisk samhandling mellom solist og orkester.

Slikt er spesielt viktig i Fiolinkonsert i D-dur, op. 77, verket som Johannes Brahms (1833–1897) skreiv i tett samarbeid med yndlingsfiolinisten sin Joachim, som urframførte det i Leipzig i 1879, med komponisten som dirigent. Det banebrytande ved verket er det symfoniske preget. I lange parti kan me her eigentleg tala om ein symfoni med solofiolin, både av di orkesteret spelar ei mest likeverdig rolle med solisten, og sidan fiolinstemma gjer langt meir enn berre å pryda og spinna vidare på orkestermelodiane. Ho deltek i utviklinga av dei musikalske motiva og temaa.

Uspeleleg

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement