Du skal få ein dag, Ilmorog
Blodige kronblad er ein stor roman om makta, korrupsjonen og den einskilde.
Ngugi wa Thiong’o er forfattar og professor i engelsk. I 2010 var han på kortlista til Nobelprisen i litteratur.
Foto: Daniel A. Anderson
Ngugi wa Thiong’o er forfattar og professor i engelsk. I 2010 var han på kortlista til Nobelprisen i litteratur.
Foto: Daniel A. Anderson
Det er ikkje lett å halda tritt med utviklinga, men så skjer det noko uventa, og nett no gjer pandemien mange av oss til troglodyttar, altså holebuarar. Tida går seinare, og utviklinga liknar avvikling. Då er det lurt å lesa bøker, heller enn å øydeleggja sinnet på stadige oppdateringar om stoda. Ja, om ein kan få fatt i bøkene, då. Kan ein det, er det mellom anna ein god idé å gje seg i kast med romanen Blodige kronblad av den kenyanske litteraturens kronjuvel, Ngugi wa Thiong’o, ikkje minst av di boka er så tjukk at ein vert distrahert frå nedslåande helsenytt ei god stund.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.