Bok

Du skal ikkje stele

Det finst mykje kreativ kraft i dårleg samvit.

Kaia Dahle Nyhus handskriv teksten i biletbøkene sine.
Kaia Dahle Nyhus handskriv teksten i biletbøkene sine.
Publisert

Vi kan ikkje lenger snakke om Kaia Dahle Nyhus som ein nykommar, men framleis får ein kjensla av å sjå noko nytt når ein blar i biletbøkene hennar. Det nye er tydelegast i måten ho handskriv teksten på og lèt han bli ein del av estetikken, men likevel ikkje integrerer han i bileta slik vi er vande med i sjangeren. Metta fargeflater med stiliserte figurar i eit naivt, men uttrykksfullt formspråk er blitt eit kjennemerke.

I Sjokoladeskurken er ho både forfattar og illustratør, slik ho også var det i fjorårets prislønte utgjeving Verden sa ja. Frå det breitt kollektive og globale samvitet for kloden og klimaet skrur ho denne gongen siktet inn på den enkelte og på ein meir grunnleggjande køyreregel: Du skal ikkje stele.

Har du nokon gong stole noko, og det har du nok, veit du korleis det kjennest. Det dårlege samvitet kan setje fart både i frykta og fantasien. I Sjokoladeskurken utnyttar forfattaren den kreative krafta som ligg i dette. I staden for å terpe på kva som er rett og kva som er gale, får barnelesaren vere med på ei utforsking av ukjende, spanande og skumle versjonar av skurkerolla.

I form minner forteljinga om klassiske mytar og eventyr som skulle tene til å skremme barnet bort frå den smale stien. Vår vesle sjokoladetjuv fell i søvn, men så bankar det på vindauget. Inn kjem eit sendebod frå skurkemøtet, som den nyslåtte tjuven i senga no er invitert til.

I oppslag etter oppslag viser dei seg med spesialitetane sine: Nasker’n, Hacker’n, Raner’n og etter kvart også den mørke Morder’n.

Her er det freistande å dra i nødbremsen og bla forbi. Somme av oppslaga er i overkant skremmande for målgruppa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement