Teater
Dystopisk sosialrealisme
Grytten-stykket har fine personskisser, men grunt handlingsfundament.
Svein Roger Karlsen spelar hovudrolla som Olav.
Foto: Magnus Skrede
Forfattaren Frode Grytten har, no mest 40 år etter debuten sin, etablert seg som kan hende den fremste heimstaddiktaren i vår tid. Sjølv om ikkje alt han skriv, er uttrykkjeleg nemnt som Odda, ligg som regel heimstaden hans som ein nærverande og overtydande kulisse i det han fortel.
Dramatiseringa av romanen Bikubesong vart ein av dei mest seigliva suksessane i nyare norsk teaterhistorie. Stykket som no går på Det Norske Teatret, Inn frå regnet, er ein originalskriven teatertekst. Han fortel om individet i samfunnshjulet til ein viss grad på same måte som Bikubesong, men han verkar på eit vis kaldare og vantar den smålåtne sjarmen til forgjengaren. Like fullt innbyr stykket til mykje godt spel. Og det har framsyninga fått.
Naturkatastrofe
I eit lite industrisamfunn har det hendt ein naturkatastrofe, ein flaum, som har ført til øydelagde heimar og tap av menneskeliv. I ein av heimane sit ein aldrande mann, ein røynd industriarbeidar og lokalpolitikar, som nektar å evakuere, endå stovegolvet er overfløymt og elles fullt av rot og søppel.
I dette handlingsuniverset får vi rulla opp eit dysfunksjonelt familieliv i relieff til eit tilsynelatande skakkøyrt lokalsamfunn. Det er kjærleik og mangel på kjærleik, politisk vilje og politisk handlingsløyse. Hovudpersonen Olav, spela av Svein Roger Karlsen, møter vi både i ein slags indre monolog på bakskjerm og i levande live på scena. Både han og dei andre i familien, kona Ruth (Marianne Krogh) og sønene Lars (Morten Svartveit), Martin (Oddgeir Thune) og Jonny (Peiman Azizpour) finn ekte og rørande uttrykk for Gryttens tragikomiske dialogar, her er mange fine scener.
Parodierande
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.