Bok

Eg ropar om det heile tida

Boka til Kathrine Nedrejord er både pamflett og roman.

Kathrine Nedrejord er forfattar, dramatikar og scenekunstnar. Ho er samisk med røter i Kjøllefjord i Finnmark, men har budd i Paris sidan 2011.
Kathrine Nedrejord er forfattar, dramatikar og scenekunstnar. Ho er samisk med røter i Kjøllefjord i Finnmark, men har budd i Paris sidan 2011.
Publisert

Medan eg skriv dette, høyrer eg i ei nyheitssending at mange politikarar no ønskjer å følgje opp arbeidet Sannings- og forsoningskommisjonen presenterte våren 2023, med ei felles orsaking i Stortinget. Kommisjonen kartla og avdekte statens omfattande assimileringspolitikk mot samar, kvenar og skogfinnar gjennom tusen år. Ikkje alle partia stiller seg bak dette ønsket. Det viser at Sameproblemet, som no er brageprisnominert, er ei aktuell og relevant bok.

Vi som står utanfor minoritetssamfunna, tenkjer gjerne: «Endeleg får desse gruppene si fortente oppreising. Det er godt det er slutt på overgrep og urett.» Nedrejord og andre forfattarar frå nord syner oss at vi tar feil. Dette er slett ikkje historie. Krasse motsetningar mellom storsamfunn og minoritet ulmar framleis, rasismen lever.

Og endå verre: Undertrykkinga har vore så omfattande gjennom så lang tid at konsekvensane er uopprettelege.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement