Bok

Ei dagbok for eit løparhjarte

Andreas Hompland spring ikkje frå noko, men inn i seg sjølv. Turane hans er utflytande og lange, men boka er glitrande kvass.

Andreas Hompland spring for å verte eldre med ein viss kontroll over forfallet.
Andreas Hompland spring for å verte eldre med ein viss kontroll over forfallet.
Publisert

Andreas Hompland er galen etter å springe, og han veit det. Han spring fordi det er eit vanedannande rusmiddel. Hompland har freista å trappe ned, men då kjem abstinensen. Springinga er vane, men ikkje berre vane, det er eit kroppsleg og eksistensielt behov hjå han, noko han berre ha. Han byrja som springar for å bli god. Men no spring han for å ha det godt. Han spring ikkje for å verte yngre, men for å verte eldre med ein viss kontroll over forfallet. Når han no har skrive eit testamente over livet som løpar, er det lett å sjå kvifor han korkje kan eller vil slutte: Det gjev han for mykje.

Sæle og fred

For dei som har sprunge, men har slutta, vil denne boka vere vond. Anten må du hive henne i veggen for aldri meir å opne henne, eller så må du tørke støvet av tightsen og kome deg ut att. Senke krava i takt med farten, byrje i det små. For dei som trenar for å vinne premiar eller setje rekordar, og som difor piner seg gjennom springinga, vil boka vere provoserande: Sidan Hompland ikkje hatar mens han spring, og det attpåtil langt, vil boka frå den springande zenfilosofen kjennest som eit slag i andletet: Dei lange turane gjev han sæle og fred.

Men for dei av oss som spring fordi vi likar oss sjølve betre når vi spring, fordi vi veit at vi eldest og nett difor justerer krava til tider og kva kroppen kan gjere, vil denne boka utløyse nikk etter nikk: Ja, nett slik er det! I tillegg skriv Hompland så godt at sjølv du som aldri har gått lenger enn til butikken, vil finne stor glede i boka. Hompland er ein seig jævel som springar, men han har òg eit imponerande overskot som skrivar.

Hompland har i eit langt skriveliv spissa fram ei form som er krydra med aforismar, hint og nikk til poetar og andre forfattarar i tillegg til andre essayistiske krumspring. Det er knapt ei overflødig setning i boka. Han skriv like fjørlett som han spring. Springinga kan setjast inn i alle menneskelege fasar: Du kan springe deg ut av depresjon og svartsyn, ut av skilsmisse og sorg. Du kan springe deg inn i eufori og runner’s high, denne oppløfta kjensla av å vere eitt med alt. Men du kan ikkje springe deg ut av tvangsløpinga, der du lurar deg sjølv til å nyte pina og setje pris på plagene. Løpsgleda må verjast som ein skatt. Han skriv om skadar, samløping og maratonløping, som han kallar ein slags verdsleg askese for sekulære protestantar. Maraton er som livet: «Det er meiningslaust, vondt og vanskeleg. Du startar opplagd, møter gleder og plager undervegs, når slutten tappa for kraft og krefter, men nett difor er du nøgd.»

Livsvisdom

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement