Bok

Ei heltesoge

Sjangermessig har Ivo de Figueiredo landa på ein hagiografi. Historia om han som er utvald.

Forfattar og historikar Ivo de Figueiredo.
Forfattar og historikar Ivo de Figueiredo.
Publisert

Ein forfattar som tør gje seg i kast med oppgåva å skrive biografi om Edvard Munch, fortenar beundring, nær sagt utan omsyn til kva resultatet blir. Etter bøker om Ibsen og Wergeland møter Ivo de Figueiredo vel budd til oppgåva med å trenge gjennom tusenvis av skriftlege kjelder, mengder av notat og brev frå hovudpersonen sjølv, tallause bøker og artiklar skrivne om mannen og ikkje minst det kolossale materialet som han etterlét seg i kunstverka. Korleis skal vi seie det gjekk?

Forfattaren har valt ei strengt kronologisk disponert framstilling. I fyrste bandet som no ligg føre, fylgjer vi Edvard Munch tett på, månad for månad, nokre gonger dag for dag, frå fødselen til han er 39 år, med peik attende til foreldra og mange implisitte frampeik til det som kjem etterpå, i eit seinare band to.

Fenomenet Munch

Hadde han døydd av pistolskotet som skadde ein finger, og som avsluttar fyrste bandet, kunne ikkje boka ha vore skriven slik som ho er. Difor er det på sett og vis ikkje livet hans vi fylgjer, men noko anna. Forfattaren plukkar opp det han finn undervegs, som skal forklåre noko som eigentleg fyrst kjem seinare. Det han vil forklåre, er korleis Edvard Munch vart MUNCH.

Fenomenet MUNCH er meir enn kunstnaren og livet hans. Det handlar om resepsjon, anerkjenning frå ekspertar og lekfolk og, ikkje minst, frå kunstmarknaden – mykje av dette hendingar som har funne stad lenge etter at kunstnaren sjølv var daud.

I slutten av boka kom­-
menterer forfattaren korleis «mannen, tiden og kunsten utgjør et mønster så sammenvevet at dersom vi trekker i trådene, er det fare for at hele stasen rakner». (Stasen? Ja, han skriv så.) Boka er ein freistnad på å dekkje alt dette – livet, tida, kunsten og litt meir attåt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement