Bok
Ei høgtlesingsgåve
Juletre knyter saman barndommen før og no.
I barndommen var julestemninga til å lite på. Når ein jaktar den gode julekjensla i vaksen alder, er det lett å komme på villspor. Trass i snø og songar, gåver og granbar kjenner vi ofte på at noko manglar. Kanskje vil årets praktutgåve av Juletre kunne bøte på denne kjensla for mange lesarar. Heftet gjev eit etterlengta gjensyn med vår barndoms jul. Slik såg jula ut i femti-, seksti- og syttiåra.
Sjølv om det tradisjonsrike heftet skriv seg heilt tilbake til 1898, er det frå desse tiåra dei fleste forteljingane i heftet er henta. Dei er skrivne av Ragnvald Vaage, Mikkjel Fønhus, Halldis Moren Vesaas, Jan Magnus Bruheim, Halvor J. Sandsdalen, Åsta Holth og endå fleire. Ein kjem ikkje utanom metaforen «skattkiste» i møte med dette rikhaldige utvalet. Først og sist er det illustrasjonane til Solveig Muren Sanden som opnar dørene inn til jula, slik mange av oss hugsar henne.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.