Bok

Ei iskald verd

I Ursula Le Guins evig aktuelle sci fi-klassikar er sanning eit spørsmål om fantasi.

Den prislønte forfattaren Ursula Le Guin (1929–2018) var mest kjend for verk innan science fiction- og fantasysjangeren.
Publisert

Sjølv lesarar med skepsis mot fantasy og science fiction-litteratur kan vere med på at det finst enkelte gode forfattarar blant dei. Då amerikanske Ursula Le Guin døydde i 2018, hadde ho rundt femti titlar bak seg og eit svært prisdryss. Ho har vore førebilete for mange skrivarar. Det var ikkje J.K. Rowling som fann opp fenomenet trolldomsskule, for å seie det slik.

Romanen har kome på norsk tidlegare, i 1980, omsett av Reidar Jensen. At Cappelen Damm har valt å setje om boka på nytt, er prisverdig. Boka får nye lesarar, og språkdrakta blir oppdatert.

Genly Ai har reist med romskip frå jorda til den fjerntliggande planeten Gethen. Han er komen som utsending frå «Oikumene», som eit interplanetarisk FN eller EU, eit fenomen Le Guin har med også i andre bøker.

Siktemålet er på fredeleg vis å innlemme stadig fleire planetar i samanslutninga, til beste for heile menneskeslekta. (Også bebuarane på Gethen er menneske, om noko annleis.) Vi får ikkje vite veldig mykje om ideologien bak Oikumene, men han er tydeleg ikkje-valdeleg og demokratisk. At Genly Ai kjem aleine, er ein bevisst strategi, eit einskildmenneske utgjer ikkje noko trugsmål.

Motsett av Trump

Gethen, som Genly Ai kallar «Vinter», er ein iskald plass. Klimaet er kuldeprega over heile planeten, med nokre breiddegradsvariasjonar. Genly, som kjem frå den tempererte jorda, frys bestandig. I opningskapittelet møter vi han i hovudstaden Ehrenrang i landet Karhide. Her har han vore i nesten to år, men det er ikkje berre klimaet han slit med å venje seg til. Minst like mykje strevar han med dei kulturelle kodane. Språket har han lært seg, men han skjønar ikkje underteksten. Mange lesarar kan nikke attkjennande til strevet med å tilpasse seg andre kulturar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement