Ei Kristin for vår tid – eller alle tider?
Sigrid Undsets gullklassikar rører hjarta enno, om enn utan historisk koloritt.
Sara Khorami i hovudrolla som Kristin Lavransdotter.
Foto: Dag Jenssen
Sigrid Undsets store romantrilogi om Kristin Lavransdotter vart kan hende det mest elska norske litteraturverket i førre hundreåret. For Det Norske Teatret vart denne forteljinga ei gullhøne da Tormod Skagestad leverte den første dramatiseringa på slutten av 50-talet. Dei tre romanane kom over nokre få år som tre sjølvstendige, klassisk utforma skodespel og vart sidan spela på alle dei norske institusjonsteatra.
Når Det Norske Teatret no har teke opp att Kristin-sujettet, er det i ei heilt ny dramatisering. Ulikt Skagestads versjonar, som var strengt dialogførte stykke etter ibsensk oppskrift, ser vi no skodespelarar som går inn og ut av rollene og likeins inn og ut av rein forteljarfunksjon. Slik vert mykje meir av Undsets tekst formidla, men samstundes kjem delar av handlinga i eit distansert ljos.
Lite staffasje
At sjølve framsyninga gjev avkall på historisk tids- og miljøkoloritt – og knapt har nokon visuell koloritt i det heile – fører såleis i same antimelodramatiske retning. Det meste kviler på evna aktørane har til å spele – og fortelje. Slik er det sjølvsagt alltid på teater, men her har dei lite og inkje av staffasje å skjule seg bak.
Produksjonen skal i haust spelast nokre gonger alt i eitt og elles som einskildframsyningar, eitt band per kveld. Premieren laurdag 10. september vara nærare ti timar. Det er ein stri tørn for både ensemble og publikum, men gjev unekteleg opplevinga ein særskild puls. Ti skodespelarar, sju av dei i fleire ulike roller, ber fram eposet i eit heller nake scenerom, i heilt vanlege notidsklede, bak eit enormt plastgardin, og med ein videooperatør som fotfølgjer dei, så alt som hender, vert projisert på tre storskjermar som omringar scenegolvet.
Det kan i byrjinga fortone seg som meir av ein workshop enn som noko som skal synast fram. Opplegget er såleis ikkje ulikt det vi har sett Kjersti Horn og andre regissørar gjere før, men denne gongen fungerer det faktisk betre enn det vi før har sett, av di vi kan sjå på to visuelle nivå samstundes.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.