Bok
Ei utstrekt hand til lesaren
Illustrasjon: Eivind Gulliksen
Populærvitskapleg forskingsformidling er i vinden. Bøker om kroppen vår ligg på listetoppen. Cellebiologen Åsmund H. Eikenes har markert seg med fleire omtykte utgjevingar i sjangeren. Med Knokedunk siktar han seg for første gong inn på dei yngste lesarane. Det handlar om hender: våre eigne menneskehender, hender i dyreverda og moderne robothender.
Boka har blikket retta mot lesaren. Alt i første setning vender forfattaren seg aktivt til barnet som les: «Har du tenkt på alt du kan gjere med hendene dine?» Illustrasjonen er ei leikande og artig tolking av spørsmålet. Ein liten lesar prøver seg på alt forfattaren foreslår, klatring, symjing, skriving, graving og kasting.
For kvar ny sidevending møter vi eit nytt dyr. Vi får sjå ei skisse av skjelettet i tigerpoten, hestehoven, flaggermusvenga og fleire. Eivind Gulliksen teiknar inn den vesle lesaren i kvart oppslag. Samanlikninga med eigenskapane til dyra skjer like ofte i biletet som i teksten. Boka er alt i alt prega av ein sterk vilje til å kommunisere med og tilpasse seg lesaren.
Tilpassinga går somme tider ut over den litterære kvaliteten i teksten. Gradsadverb som litt, veldig og skikkeleg, saman med forsterkinga «kjempe-» framfor ulike adjektiv gjev inntrykk av ei forteljarstemme som ikkje er i same høgde som barnet, men vender seg nedover.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.