Film

Ei vid verd

Den største filmfestivalen i Oslo byr som vanleg på eit mangfald av flotte filmar.

Den sørkoreanske filmen Return to Seoul av Davy Chou kjem på norske kinoar.
Den sørkoreanske filmen Return to Seoul av Davy Chou kjem på norske kinoar.
Publisert

Festivalkontoret i hovudstaden har delt verda og hausten i to. Ungfolen Oslo:Pix er flytta til månadsskiftet august–september og set søkjelys på filmar frå Europa, USA og Canada. I november held den tradisjonsrike travaren Film fra sør fram med varme, engasjement og talent frå verda lenger vekke. Det er nett det vi treng no.

Tilbake til Seoul

Sør-Korea har blitt eit mektig land i filmverda og får særleg merksemd på festivalen i år. Opningsfilmen Decision to Leave av Park Chan-Wook er ein spektakulært samansydd film med vilt driv.

Heldigvis kjem blandinga av krim, thriller, drama og romantikk på kino. Det gjer òg det rått velspelte koreansk-franske dramaet Return to Seoul av Davy Chou. Den populære regissøren Han Jae-rim vitjar Oslo for å snakke om suksessen med sjangerfilmane sine i høve visning av det heseblesande actiondramaet The King frå 2017. Han har to filmar i den koreanske seksjonen.

Giganten India manglar, medan mindre kjende Indonesia stiller sterkt. Filmskapar Kamila Andini har med rette fått skryt for Before, Now & Then. Wong Kar-wai blir gjerne nemnd som referanse for å skildre den poetiske stilen i ei nydeleg filma forteljing frå sekstitalet. Frå diktatoren Suharto via utru menn flyt dramaet med roleg tone mot ei nyansert historie om vennskap.

Nordavind

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement