Bok

Ei vill mafiahistorie frå Noreg

Harald Stolt-Nielsen og Magnus Lysberg har skrive ei veldokumentert norsk-marokkansk mafiahistorie.

Magnus Lysberg (t.v.) og Harald Stolt Nielsen har arbeidd som krimjournalistar i Aftenposten i fleire år.
Magnus Lysberg (t.v.) og Harald Stolt Nielsen har arbeidd som krimjournalistar i Aftenposten i fleire år.
Publisert

Hovudpersonen i Bakmannen – en sann historie om dop, vold og raske penger av Harald Stolt-Nielsen og Magnus Lysberg heiter Zakariya Rahali. Han blei fødd i 1994. Dagen etter fødselen hamna faren i fengsel for narkotikakriminalitet. Han voks opp i tronge kår, før han overtok arven og blei narkotikabaron.

Men boka om han handlar like mykje om ein norsk-marokkansk familie der brør, onklar og anna slekt har ulike roller i det kriminelle nettverket.

Bakmannen følgjer narkotika- og gjengutvikling sidan gjengprosjektet blei lagt ned i 2011, og tråden i det heile er korleis Rahali har utvikla seg frå småkriminell til storhandlar med narkotika i eit miljø med vald, truslar og kidnappingar.

Det er eit imponerande materiale forfattarane har arbeidd med. Den skriftlege delen omfattar 10.000 sider. Mesteparten er henta frå norske og svenske politidokument. På toppen av dette kjem eit stort antal munnlege kjelder blant politi, forsvararar, folk frå det kriminelle miljøet og personar som har vore direkte innblanda i narkotikasmuglinga.

Krypterte nettverk

Det ligg mykje kunnskap i botnen, ikkje berre om gjengar og nettverk i Noreg, men om parallellar i land som Sverige og Nederland, og om korleis narkotikatrafikken blir styrt frå land som Tyrkia, Marokko og Spania. Det er ei verd der advokatar og journalistar blir drepne, og der spesialkonteinarar for tortur er handelsvare. I vesle Noreg blir pengar vaska i ein frisørsalong på Grønland i Oslo, medan ein pengekurer har frakta 45 millionar narkotikakroner ut av landet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement