Film

Ei vulgær verd

Sjølv med engelsk utestemme er ein av favorittregissørane mine underhaldande.

Overklassen er under angrep i filmen til den gullpalmevinnande regissøren Ruben Östlund, skriv Håkon Tveit.
Overklassen er under angrep i filmen til den gullpalmevinnande regissøren Ruben Östlund, skriv Håkon Tveit.
Publisert

Modellparet Carl (Dickinson) og Yaya (Dean) er i sentrum i den tredelte Gullpalme-vinnaren Triangle of Sadness. I første kapittel er han på audition, der det er klart at det triste triangelet av uro mellom augo er eit problem berre botox kan ordne. Så kjem ei scene der sivilisert stil bryt saman over rekninga på ein fin restaurant.

Kapittel to er hovuddelen. Det skjer på eit overdådig, eksklusivt cruise der styrtrike folk boltrar seg i sol, champagne og fancy mat. Yaya har fått gratisbillettar fordi ho er påverkar. Etter rikeleg med drama om bord skjer del tre på ei aud øy.

Dei pengane

Eg har ovundra svenske Ruben Östlund sidan debuten Gitarmongo (2004). Han perfeksjonerte skildringar av sosialt utrivelege situasjonar med geniale tablå i De ufrivillige (2008). Med Play (2011) slo han seg opp som provokatør.

Han gav eit grellare bilete av skiturisme i Alpane med Turist (2014) enn nokon pandemi har greidd. Gullpalmen han vann for The Square (2022), var fullt fortent. Få filmar har sydd saman svensk sosialdemokratisk lynne med kunstverda og prangande privilegium på meir briljant vis.

No har Östlund fått pengar til å lage film på engelsk med store stjerner. Med pengar kjem strenge krav. Skal publikum i USA forstå, lyt ein smørje tjukt på. Den samansette, smarte satiren må vika for klarare tale. Gøteborgaren lèt seg likevel ikkje kua heilt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement