Bok
Ein dansk sosialdemokrat
Med høgresving på innvandringspolitikken og venstresving på andre område kan leiar for det danske sosialdemokratiske partiet Mette Frederiksen bli ny statsminister i juni.
– Sosialdemokratiet har tapt tillit og truverde hos mange menneske, og den må ein arbeide hardt for å få attende, seier Fredriksen i den ferske boka Mette Frederiksen. Et politisk portrett av Thomas Larsen, forfattar av fleire politiske bøker og til dagleg kommentator i avisa Berlingske. Frederiksen kan bli Danmarks yngste statsminister, men ho har lang røynsle frå politikken. Mellom anna har ho vore både arbeidsminister og justisminister.
Ta frykta på alvor
41-årige Frederiksen overtok som leiar i 2015 og har brukt dei fire åra i opposisjon på å få det ho kallar samfunnskontrakten med veljarane på plass igjen. «Men folks frustrationer og frykt – hva enten den er amerikansk, britisk eller dansk – skal saftsuseme tages alvorligt», seier ho.
Under Frederiksen har dei danske sosialdemokratane løfta fram si eiga historie. Sjølv syng ho entusiastisk arbeidarsongar som «Når jeg ser et rødt flagg smelle». Ho kjem då også frå ein familie med sterkt truande sosialdemokratar i fleire generasjonar bakover. Indignasjonen over urettferd og at somme er blinde for klasseskilnader og medfødde privilegium, blir karakterisert som ekte og basert på eigne røynsler. Som ho sa 1. mai: «Som nedslitt lønnmodtager er det rigtig godt at have en socialdemokrat med seg.»
Frederiksen liker heller ikkje tanken på at innbyggjarar i Danmark skal gå på stønad i staden for arbeid. Plikt kjem før rett. Og for dei som skal vere med på det politiske laget hennar, er det politisk flid, orden og ansvar som gjeld.
Verdikonservativ
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.