Ein ekte russisk patriot

Patriot er viktig som personleg vitnesbyrd, men boka er enda viktigare som ei skildring av moderne russisk historie.

Aleksej Navalnyj under ein demonastrasjon mot president Vladimir Putin i Moskva i 2018.
Aleksej Navalnyj under ein demonastrasjon mot president Vladimir Putin i Moskva i 2018.
Publisert

Ikkje sidan overprest Petrovitsj Avvakum skreiv Liv på 1600-talet, er det kome ut ein viktigare sjølvbiografi på russisk. Avvakum talte tsar- og kyrkjemakta midt imot og vart brend på bålet i 1682. Nesten 350 år seinare leid Aleksej Navalnyj, den fremste russiske opposisjonspolitikaren i vår tid, ein liknande skjebne. Først vart Navalnyj forgifta, så vende han attende til Russland, der han vart arrestert. Til slutt hamna han i ein fangeleir i Nord-Russland, der han døydde i februar i år.

Korrupsjonsjeger

Navalnyjs sjølvbiografi er viktig fordi han gjev eit rikt portrett av den mest sentrale russiske politikaren i vår tid. Vi følgjer han frå barndom i sein sovjettid via ungdomstid under Jeltsin til han som vaksen blir korrupsjonsjeger og Putin-regimets argaste kritikar. Alt som ung mann ønskjer han å gjere Russland betre. Han blir skuffa over Jeltsin og blir med i det liberale opposisjonspartiet Jabloko.

Men Navalnyj blir fort frustrert av partipolitikken og leitar etter ei sak som kan mobilisere massane. Den saka finn han fort. Russland er gjennomkorrupt. Er det noko som gjer den jamne russar sinna, så er det at eliten veltar seg i luksus medan vanlege folk slit med å få endane til å møtast. Navalnyj byrjar å dokumentere korrupsjonen og formidlar resultata av undersøkingane i bloggar og videoar. Han organiserer massemøte, og plutseleg har opposisjonen vind i segla.

Resten av historia er velkjend. I Kreml sit ein tidlegare KGB-offiser som tar i bruk alle KGBs verkemiddel for å kneble opposisjonen.

Ros til Gorbatsjov

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement