Bok

Ein indre dystopi

Den gode vennen er ein rørande roman du får mykje igjen for å lese – om du klarer å henge med i svingane.

Bjørn Esben Almaas skildrar ein ung gut med eit traumatisk barndomsminne.
Bjørn Esben Almaas skildrar ein ung gut med eit traumatisk barndomsminne.
Publisert

Vi har vel alle nokre personar vi har kjent i barndommen eller tenåra som det ikkje er så kjekt å sjå igjen. Slike vi plutseleg kan treffe på i butikken på heimstaden, og så vekker det minne om noko vi trudde vi hadde gløymt. Hovudpersonen i Bjørn Esben Almaas’ første bok på ti år opplever dette då han skal kjøpe nye gardiner og treffer på han dei alltid berre kalla Mutt. Men for han utløyser møtet mykje meir enn det ville gjort for dei fleste.

Almaas fortel parallelt frå nokre dagar hausten 1987, då hovudpersonen går i sjette klasse, og nokre sommardagar i 2013, då han er gift og far til to gutar. Forteljinga frå 1987 startar nokre dagar etter ei dramatisk hending, og så går vi tilbake i tid til vi får vite kva som har skjedd. I 2013 er vi med tobarnsfaren i kvardagen der mykje begynner å rakne idet han blir mint på traumet sitt.

God på nyansane

Hovudpersonen blir lam i halve ansiktet, og røyndoms- og sanseopplevingane blir rare og forvirrande, litt slik som vi har det når vi har lågt blodsukker eller er bakfulle; alt er litt fjernt, men samstundes intenst. Almaas skildrar desse nyansane godt. Slik eg forstår det, er det ei posttraumatisk stressliding som blir utløyst idet han treffer på denne Mutt. Han prøver å ta seg saman og gjere normale, kjekke sommarferieting. Han tar med sønene på Tusenfryd, og han blir rørande opphengd i å kjøpe is, sjølv i heilt upassande situasjonar. Det er kanskje ikkje så lett å vere ein god far når ein brått hugsar at ein sjølv ikkje hadde den beste barndommen.

Indre uro

Det er mykje uro i boka, ei uro som klamrar seg fast og blir sitjande i. Det skjer noko sanseleg, som ei klo i magen, på same måte som når eg les skrekk eller dystopiar der det er mykje ytre uro. Men her er det altså mest det som skjer inni hovudet til hovudpersonen, som skapar ubehag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement