Bok
Ein lytefri landsfader
«Kongens person er heilag; han kan ikkje lastast eller skuldast for noko», heitte det i Grunnlova. Stortinget strauk fyrste leddet i 2018, men forfattarane av haustens to kongebøker held seg til det gamle.
Kong Harald spelar yatzy saman med barneborn om bord i kongeskipet.
Foto: Dronning Sonja / Kagge forlag
Sakprosa
Christian Borch leverer eit forsvarsskrift for kongen, der problem rett nok ikkje vert skuva under teppet, men som Grunnlova fastset vidare: Ansvaret vert lagt på hans råd. Dårlege rådgjevarar og sure kritikarar får det glatte lag. Fram stig Harald i skinande blank rustning, ein riddar og landsfader utan lyte.
Harald Stanghelles bok utgjer seg ikkje for anna enn å sleppe kongen sjølv til orde med hans «egen fortelling og refleksjoner om dagens Norge». Rett nok er det mykje av Stanghelle der òg. Men alt som heiter kritisk journalistikk, er lagt på hylla. Kongen vert skildra som i eventyret: trygg og god i hagen til kongsgarden. Den beste mannen i landet.
Merkeleg institusjon
Stanghelle har gjort kong Harald ei bjørneteneste. Ingen ville ha venta eit revolverintervju, men når det ikkje vert stilt gode spørsmål, blir heller ikkje svara gode. Resultatet er skuffande. Stanghelle hjelper ikkje kongen med å få fram refleksjonar som kunne ha lært oss meir både om personen og institusjonen.
Borch har gjort ein betre journalistjobb. Han har skrive ei bok som tek sikte på å trengje djupare inn i den merkelege institusjonen som kongemakta er: Noko heilt anakronistisk som heng att i Noreg, sjølv lenge etter at kongens konstitusjonelle rolle mest har falle bort.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.