Bok
Ein nykonservativ ser seg ettertenksamt attende
Torbjørn Røe Isaksens nye bok er mollstemd.
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i Stortingets munnlege spørjetime i 2019.
Foto: Kagge forlag
I etterkrigstida var dei politiske partia i Europa stort sett arrangerte på ei line mellom ein raud pol til venstre og ein blå pol til høgre. Den viktigaste skilnaden på dei to polane var synet på statens storleik – raude parti ville ha ein stor stat, medan dei blå ville ha ein som var liten og veik. Dette enkle, ideologiske spekteret endra seg med høgrebølgja som vaska over Vesten på 1980-tallet, skriv Torbjørn Røe Isaksen i innleiinga til boka si.
Og han legg til: I utgangspunktet var dei raude opptatt av framtida, medan dei blå ville halde på fortida. Men då marknadsliberale doktrinar frå Storbritannia og USA skylde over Europa, blei partia på høgresida òg interessert i framtida: Dei såg at det var naudsynt med reformer som redusere staten til eit minimum, for dette ville skapa vekst, fred og ei betre verd.
Då Sovjetunionen kollapsa i 1991, skaut endringa fart. Raude parti tok òg om bord liberale idear, medan dei kaste etterkrigstidas marxistiske doktrinar på båten. Etterkrigstidas enkle, ideologiske spektrum blei sprengt.
Boka til Isaksen byrjar med ei entusiastisk skildring av sprengkrafta i høgrebølgja. Ho held fram med ein pessimistisk presentasjon av verdspolitikkens utvikling på 2000-talet. Til slutt serverer ho ei handfull kapittel som tar føre seg sosiale endringar generelt og samtidas politiske utfordringar – dei som politikkens ideologiar bryr seg lite om, om vi skal tru Isaksen. Det vil han gjere noko med.
Ingen tror på nåtiden er inga djup analyse. Men i løpet av 14 kapittel gir ho ei fin og lettlese oversikt over korleis verda, Vesten og høgresida har utvikla seg sidan Thatcher og Reagan og Gorbatsjovs tid. Og kvifor vi står der vi står i dag, andsynes ulikskap, krig og klimakrise.
Personleg skildring
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.