Ein Olav før StiklestadTore Skeie dreg heile den europeiske omverda inn i forteljinga om Olav.Historie
Tore Skeie dreg heile den europeiske omverda inn i forteljinga om Olav.
Døden til Heilag-Olav på Stiklestad i 1030. Del av ein antemensale frå ei ukjend kyrkje, ca. 1320?–40. No finst han i Nirdarosdomen.
Det finst to landskjende menn som heiter Skeie, den eine er presten og salmediktaren Eivind, den andre Bocuse d’Or-verdsmeisteren og restauratøren Geir, frå Fitjar. No kan me trygt føra opp ein tredjemann på lista, mellomalderhistorikaren Tore Skeie.
Den nye boka hans, Hvitekrist, er dedisert til besteforeldra, men sjølv om det tyder på at han er ung, har han tidlegare gjeve ut to bøker: Alv Erlingsson. Fortellingen om en adelsmanns undergang (2009) og Jomfruen fra Norge (2012). Den siste handlar mest om kong Håkon 5. Magnusson og gjev lesaren ei særs gripande oppleving av tidleg 1300-tal, tiåra før Svartedauden.
Dramaturgi
Oppleving er rette ordet, for om Skeie klengjer seg aldri så tett til kjeldene og viser seg som ein fullt påliteleg fagmann, står han i tradisjonen frå dei store historikarane, frå Livius og Snorre til Theodor Mommsen og Tor Bomann-Larsen, og er fyrst og fremst forteljar. Bøkene hans har høg litterær kvalitet; han har eit grep om stoffet og ein sans for dramaturgi som kjenneteiknar ein ekte forfattar, for ikkje å seia dramatikar.
Han byrjar boka Hvitekrist med eit personoversyn, i same stil som dramatis personae hjå Shakespeare: «Olav Haraldsson, viking, krigsherre og nordmennenes konge. Harald Grenske, hans far, danekongens underkonge i Viken.»
Lista er dramatisk lang, for her er ikkje berre norske kongar og stormenn, men Wessex-kongar, danekongar og mektige menn heilt ned til «Hisham II, kalifen av Cordoba». Forfattaren gjev soga om Olav fargar og lukter som ingen historikar før har fått fram.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.