Bok
Ein rettsstat i spel?
Kva kan skje med rettsstaten innanfor rammene av eit demokrati no som retten blir digitalisert?
Jørn Øyrehagen Sunde er professor i rettshistorie ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo og forskar ved Nasjonalbiblioteket.
Foto: Dreyer
«Handkverna gjev eit samfunn med føydalherrar, dampmølla eit samfunn med industrielle kapitalistar», sånn formulerte Karl Marx (1818–1883) seg om kva teknologi hadde å seie for makttilhøva i samfunnet.
Det er på ingen måte ei marxistisk bok Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo, har skrive. Likevel kom eg til å tenkje på dette gamle Marx-sitatet då eg las den velskrivne og vakkert illustrerte boka 1000 år med norsk rettshistorie. Ei bok som byggjer vidare på og bind saman ein omfattande forfattarskap om mellom anna Landslova av 1274, dansk-norsk rett på 1700-talet og Høgsteretts historie i perioden 1965–2015.
Ny teknologi
Grunnen til at tankane mine vandra til Marx, er at Sunde legg vekt på eit materielt tilhøve i samfunnet når rettshistoria skal bindast saman: kommunikasjonsteknologien. Og det er nettopp denne vektlegginga som gjer noregshistoria hans både annleis og fascinerande, for korleis blir retten påverka av ny kommunikasjonsteknologi? Gjennom tre døme – frå munnleg til skriftleg rett, frå skriftleg rett til trykt rett, og frå trykt rett til digitalisert rett – viser forfattaren korleis kommunikasjonsteknologi har forma rettsstaten.
Her stoppar rett nok likskapen med Karl Marx. I den tradisjonelle tolkinga av Marx er det dei materielle tilhøva som avgjer korleis retten tek form. Det er ikkje poenget til Sunde. Retten blir ikkje avgjord av kommunikasjonsteknologi, men teknologiske nyvinningar ber i seg moglege endringar som formar retten i samspel med samfunnsutviklinga.
Sunde vel ut statsdanning, verdigrunnlaget til samfunnet, individforståing og lovgjevingsteknikk som utviklingstrekk som saman med kommunikasjonsteknologi har forma rettsstaten. Bodskapen er tydeleg: Endringa som går føre seg mot ein digitalisert rett, set rettsstaten på spel, også på uføresette måtar. «Rettsstat er ikkje noko ein har eller ikkje har, men det er noko ein har ein grad av».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.