Teater
Ein sporvogn til okkupasjonstida
Romeriksspillene fortel med energi og talent om krig og kjærleik.
Lillian Julsvik, Aurora Amundsen Vikane, Adrian Finstad og Paul Thomas Sollien tek publikum med på ferda.
Foto: Lillian Julsvik
I den norske spelkatalogen, som med åra er vorte ein omfemnande og blømande teaterkultur, er Romeriksspillene eit av dei yngre føretaka, enno berre ein niårig tradisjon. Denne særeigne utespelsjangeren får ofte eit eige sjelfullt trykk, både av å ha eit rotekte lokalt fundament og av å ha eit kombinasjon av profesjonelle og (såkalla) amatørar som løfter i flokk. I årets framsyning på Fossum stasjon er det iallfall ingen som verker «amatørmessige». Her er det både unge og eldre som kan teater, og dei tek oss med på ferda frå fyrste stund.
Museumstog
Det er faktisk heilt bokstaveleg at dei tek oss på ferd, for innleiinga til stykket går føre seg på Sørumsand stasjon, der vi, publikum, snart blir sette på museumstoget Tertitten. Her vert vi frakta på gamaldags vis til Fossum, medan strenge tyske offiserar kjem gjennom vognene og krev passersetlar av oss. (Eg tok fram passet mitt, eg.)
Framme på spelestaden får vi sjølve hovudhandlinga: Ein nytilsett lensmann, nazist, har nyleg kome frå Oslo med familien sin for å verke i «den nye tids» teneste. Dotter hans er i løyndom på den andre sida, samarbeider med motstandsrørsla og hjelper til med å få flyktningar på veg mot Sverige, mellom anna med nett Tertitten som framkomstmiddel. I raske tablå får vi dramatiske og til dels hjarteskjerande inntrykk frå den skjulte, livsfarlege motstandskampen, ispedd appellerande verfremdungs-effektar i form av muntre kampsongar og revyviser. Alt er gjort med ein imponerande balanse mellom alvor og humør, her er både intensitet og musikaloverskot.
Samkøyrd energi
Ensemblet er stort, nærare 40 personar, og det er ein vakker, samkøyrd energi over dei. Det er likevel ikkje til å unngå at ein fester seg ved ein del av dei sentrale aktørane. Stasjonsmeistrane Jacob (Paul-Thomas Sollien) og Asta (Anne-Line Johnnysdatter Finstad), som driv motig motstandskamp i skjul, har både styrken og varmen som karakterane treng under huda, og dei to unge lensmannsdøtrene (Lillian Julsvik og Aurora Amundsen Vikane) syner ei menneskeleg mogning som vi aldri tvilar på. Eit glødande høgdepunkt i stykket er elles den skremmande appellmonologen til den pur unge hirdleiaren (Jonathan W. Steiner), spela ut med glimrande, skarp karakteristikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.