Film
Ein unødvendig og heilt grei film
Kan eg håpa på at Olsenbanden har gjort sitt siste brekk?
Munchmuseet må jo vera nøgde med å ha ein så stor reklameplakat som dette.
Foto: Filmweb
Egon Olsen (Baasmo) kjem endeleg ut frå spjeldet, og Benny (Carew) og Kjell (Sørensen) stiller opp. Det same gjer ein hissig kriminalbetjent (Magnussen) og eit flunkande nytt Munchmuseum.
Overflødig
Du er ikkje fødd på syttitalet utan å ha sett minst éin Olsenbanden-film, heile tretten filmar å velja i mellom innspelingane frå fyrste filmen i 1968 fram til 1984. På same måte som nasjonalskatten Fleksnes er basert på ein engelsk karakter, er heller ikkje Olsenbanden norsk.
Den danske originalen blei spelt inn parallelt med norske og svenske utgåver, både plott og karakterar likt: familievenlege, ufarlege småkriminelle hamnar i klabeit med lovens lange arm. Det kanskje mest fascinerande er at den særs middelmåtige filmserien gjorde suksess den gongen, og at nokon framleis meiner Olsenbanden fortener nye sjansar.
Det er kanskje vel strengt, for Olsenbanden – siste skrik er ein heilt grei familiefilm, han berre kjennest totalt overflødig. Heller ikkje dei medverkande verkar særleg entusiastiske, meir som at dei har fått betalt for jobben og utfører han. I tillegg har dei introdusert ei Valborg som er så blotta for understatement og sjarmerande kvalitetar at ein skulle tru ho var ein karakter frå Børning-serien i staden. Var det nødvendig?
Reklamefilm
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.