Bok
Ein våghals med kamera
Historia om Noregs første kvinnelege reiseskribent og fotograf er spennande lesnad.
Elisabeth Meyer (1899–1968).
Gjennom to bøker og eit hundretals artiklar inspirerte den første vestlege kvinna som reiste åleine i Persia, dåtidas lesarar frå debuten for nesten 100 år sidan. Konkurransen frå mannlege reiseforfattarar var stor, men Elisabeth Meyer skilde seg ut med ein særeigen stil, fascinerande forteljingar og ei annleis og meir personleg tilnærming enn dei som gjerne fokuserte på sjølvskryt og maskuline bragder.
Gjennom karrieren tok ho nesten 40.000 bilete, og både bøker og artiklar blei rikt illustrerte med eigne foto. I tekstane sine heldt Meyer seg stort sett i bakgrunnen og sette heller søkelyset på dei ho trefte på sine til tider ville ferder. Enkelte av dei ho møtte, som Tyrkias sterke mann Atatürk, kong Feisal av Irak og sjølvaste Mahatma Gandhi, tok det mykje energi å få lov til å treffe og intervjue, men med list, tolmod og tidvis flaks fekk ho innpass i både slott og fengsel.
Autentisk folkeliv
Forfattaren og fotografen kom opphavleg frå ein velståande familie, men pengane tok brått slutt før studietida, og det eventyrlege livet hennar var deretter gjennomsyra av pengesorger. Det gjorde at ho vart tvinga til å bu billig på dei fleste turane sine, noko som hjelpte ho i å kome i kontakt med alle samfunnslag og utvide inntrykksspekteret.
Samstundes var eventyraren vågal, sjølv i periodane med nok pengar i portemoneen ville ho ut av oasane og kjenne på det autentiske folkelivet. Meyer ønskte heile vegen å vere aktiv deltakar der ho reiste, ikkje berre passiv observatør som turistar flest. For utan å kome nært på det eksotiske og ukjende ville det vere umogeleg å skjøne konteksten. Som kvinne blei ho også invitert inn i eksklusive sfærar som omreisande menn aldri får sjå.
I Persia oppdaga ho tehusa der ein kopp kosta usle seks øre, noko som gjorde at både prinsar og tiggarar sat rundt same bordet til langt på natt og anten vitsa eller diskuterte politikk, nyheiter og poesi. I brev heim sat ironien laust, og om båtturen til India la ho ingenting imellom: «fra Port Said var jeg den eneste passasjer og hadde det alt annet enn hyggelig.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.