Bok
Einsame kunstnarar
Eg trudde eg skulle lese ei bok om eit brot, men enda opp med ein roman om kunst.
Eivind Sudmann Larssen ville forske på tomrommet som kjem når ein misser nokon.Eivind Sudmann Larssen ville forske på tomrommet som kjem når ein misser nokon.
Foto: Anna-Julia Granberg / BlunderblussFoto: Anna-Julia Granberg / Blunderbluss
Roman
Fotografen Sigrid og forfattaren Thomas har nettopp gått frå kvarandre. Dette er utgangspunktet for Eivind Sudmann Larssens tredje bok. Først får vi forteljinga til Sigrid: Det er ho som vel å gå då ho oppdagar at Thomas har vore utru. Ho køyrer heim til den aldrande faren sin og blir verande der på ubestemt tid. Så får vi versjonen til Thomas, som tar noko mindre plass i boka. Vi får forklart korleis han har opplevd å leve med Sigrid, at det for han har vore noko som har mangla, og at lidenskapen vert vekt til live igjen då han treffer Thea, kjærasten han hadde i ungdomstida.
Usympatiske figurar
Begge versjonane er ubehagelege å lese, på kvar sine måtar. Ikkje fordi skildringane av brotet er hjarteskjerande, men heller motsett.
Sigrid verkar kjenslelaus; ho brukar ikkje tid på å vere lei seg over sviket, ho skal vidare med ein gong. Og vi får heller ikkje innblikk i noka stor sorg då far hennar, som ho har eit svært nært forhold til, døyr, attpåtil nokså brått.
I starten begeistrar forteljinga om Thomas meg. Larssen gir språket meir luft her, resonnementa får større plass, slik at alt blir mykje meir levande enn i den heller refererande delen om Sigrid. Kan hende handlar dette rett og slett mykje om bruken av førsteperson her, medan Sigrids versjon er fortald i tredjeperson. Men snart synest eg òg at Thomas er ein usympatisk type, ein slik som innbiller seg at han har funne ut noko om lidenskapen og livet som vi andre har gått glipp av.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.