Eit annleis hotellopphald

Rebecca Wexelsens kreftroman handlar ikkje så mykje om kreft.

Rebecca Wexelsen debuterer som romanforfattar.
Rebecca Wexelsen debuterer som romanforfattar.
Publisert

Ein skulle tru Hotell Montebello var namnet på eit luksushotell eller den nyaste plata til Karpe. Men Rebecca Wexelsens første roman er ikkje nokon vestkantharselas. Tittelen er henta frå pasienthotellet til Radiumhospitalet.

Den heilt unge astronomistudenten Nina går til legen med ein klump i halsen som viser seg å vere kreft. Derifrå går ferda til Hotell Montebello og eit opphald som endar opp med å bli like triveleg, og dermed like tungt å forlate, som internatet på ein folkehøgskule.

Einsemd

Nina er ein tafatt type. Det kan reint verke som om ho ikkje bryr seg om at ho har fått kreft, ho berre følger instruksane ho får, blindt og utan panikk.

Det tar ei stund før eg forstår at dette sjølvsagt handlar om at den unge kvinna er deprimert. Ho er svært einsam, kontakten med familien er så som så og ho har ikkje fått seg vener på studiet, og sakte, men sikkert har nok dette ført til ein apati. Så åleine i verda er ho at det tar lang tid før ho fortel nokon kvar ho er. Det er rett og slett ingen som spør.

Nina er samtidig god på å sjå seg sjølv frå utsida, og ho fortel oss korleis det liksom berre skjedde, at alle dei andre studentane fann kvarandre, medan ho blei ståande igjen. Wexelsen bakar astronomien inn i skjønnlitteraturen, eit grep eg er svak for. Og det er vellukka gjort. Det er rørande korleis Pluto blir brukt som bilete, dvergplaneten som ligg så langt unna sola og alle dei andre, at han ligg i evig mørke. Og som attpåtil er så liten at han i 2006 vart nedgradert og ikkje lenger er ein planet. Meir utanfor enn det går det vel ikkje an å bli.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement