Teater

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.
Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.
Publisert

Det Norske Teatret, Scene 2

Det mest «avvikande» i denne Jon Fosse-framsyninga ligg ikkje i teksten, men i regien. Med den regiforma Kjersti Horn har utvikla dei siste åra, der video har erstatta direkte kontakt med skodespelarane, såg eg ikkje føre meg at ho ville nærme seg Fosse, men det har ho altså gjort. Og med alle dei grepa som har gjort henne til vår mest kompromisslause regissør. Og like gjennomført som i alt ho gjer.

Eigentleg må kombinasjonen Fosse/Horn ha vore like «framand» for dei båe. For han fordi han ikkje er glad i såkalla «regiteater», for henne fordi dette er ein type tekst som ligg langt unna det ho har arbeidd med etter at ho introduserte video som det sentrale elementet i regien sin. Det forklarar kanskje kvifor denne regien ikkje synest tilføre teksten noko avgjerande nytt. Tvert imot sit eg att med ei kjensle av at ein time med tette nærbilete av nakne ansikt på store skjermar, om aldri så uttrykksfulle, har teke noko frå meg. Når skodespelarane i tillegg er «gøymde» bak eit svakt gjennomsiktig plastforheng, som aldri blir fjerna, kjenner eg ein avstand til Fosse som ikkje tallause nærbilete av ansikt kan oppheve.

Ikkje nyskrive

Mange har fått den oppfatninga at dette er det første stykket Fosse har skrive etter at han fekk Nobelprisen i litteratur. Slik er det ikkje. Einkvan grovskissa han for to somrar sidan, så låg den endelege versjonen ferdig i fjor sommar, altså nokre månader før det blei kjent at han skulle få prisen.

Einkvan er eit møte mellom seks namnlause personar, der tre av dei synest vere dobbeltgjengarane til dei tre andre – to yngre menn, to eldre menn og to eldre kvinner. Dei yngre mennene er biletkunstnarar, og båe skal ha utstilling til hausten. Om det er tale om seks ulike personar eller berre tre, er ikkje lett å avgjere, men det er eit (eller to) ektepar og ein son (eller to). Både tid og stad er oppløyste, difor er det uråd å seie kvar og kva tid desse menneska møtest, men det kan vere ein stad mellom liv og død, i eit slags limbo. Det grunnleggjande i forfattarskapen er sjølvsagt intakt også i Einkvan – neddykkinga i menneskets grunnvilkår her på jorda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement